ReagererNyhende
Rasar mot ferjekaoset:

– Ein komplett skandale

Under SV sitt årsmøte i Bergen laurdag tok partileiar Audun Lysbakken opp ferjekaoset i Sunnhordland.

AV Henrik Mundal Andreassen
Publisert
Oppdatert:

Sidan 1. januar har Torghatten Nord hatt anbodet på ferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg, men sidan ferjene ikkje var klare til anbodsstart, og dei heller ikkje er det i dag, så har problema rulla på seg med det populære sambandet på E39 mellom Fitjar og Os.

– Det er ei komplett skandale at folk i Sunnhordland ikkje veit om ferjene går, og det er regjeringa som har ansvaret. Det er anbodskaos som skapar ferjekaos, sa Lysbakken frå talarstolen.

Meiningar: «Stans anbodskaoset Sandvikvåg - Halhjem»

Han meinte at nesten all vekt vart lagt på pris, og at lågast mogeleg pris ikkje kan vera det einaste kriteriumet for kven som får driva ein av dei viktigaste livsnervane på Vestlandet.

– Det burde bli ulovleg å leggja så einsidig vekt på pris i denne typen anbodsrundar. Dette vil me ta opp i Stortinget i vår, sa Lysbakken, som no har send spørsmål til samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) om problemstillinga.

Les også: Samanliknar reiarlaget med sketsjen «Joker Nord»

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut