BulkarNyhende

Eitt døgn etter Helene tok imot den nye bilen, hadde nokon køyrd i han

– Veldig kjipt, seier den fortvila småbarnsmora.

AV Vidar Hope
Publisert
Oppdatert:

Måndag klokka 18.00 kunne Helene Åsheim stolt ta imot nøklane til den nye bilen hennar. Rundt eitt døgn seinare skal bilen ha blitt bulka på Vikahaugane. Ho anar ikkje kven som har vore borti.

– Bilen stod parkert ved muren ved rundkøyringa nedanfor kunstgrasbanen. Han stod der frå klokka 16.50 til 18.00, seier ho.

Då Åsheim kom tilbake til bilen, la ho ikkje merke til noko spesielt. Ho køyrde bilen rett heim i garasjen. Først onsdag morgon oppdaga ho bulken.

– Det må ha skjedd på Vikahaugane, slår ho fast.

Ei lykt er knust og støytfangaren har hoppa ut av festet. Åsheim seier ho har vore i kontakt med forsikringsselskapet. Ho håpar å sleppa å betala eigenandel for skadane.

– Eg håpar jo at nokon tek kontakt. For nokon har vore borti bilen, seier ho.

Åsheim har lagt ut bilete av bilen på Facebook. Innlegget har fått mange delingar berre etter få timar.

– Folk er heldigvis engasjerte. Vedkommande som var borti bilen har kanskje fått sjokk og ikkje tenkt seg heilt om. Det er slikt som kan skje, men eg håpar vedkommande tek kontakt, seier Åsheim.

Oppdatering: Helene Åsheim skriv seinare på Facebook at saka er løyst. Vedkommande som bulka bilen var ærleg og skreiv ein lapp med kontaktinformasjon. Ifølgje Åsheim har lappen sklidd ned under panseret, og ho oppdaga ikkje lappen før seinare.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut