Til Stord onsdag:

Erna Solberg legg ned grunnsteinen på den nye Kværner-kaien

Det omfattande anlegget til 370 millionar kroner nærmar seg klart.

AV Vidar Hope
Publisert
Oppdatert:

Onsdag kjem statsminister Erna Solberg til Stord for å vera med å markera utvidinga av kaianlegget til Kværner. Utvidinga er Norges største pågåande kaiprosjekt og vil gjera verftet på Stord til eit skreddersydd anlegg for dei fleste typar flytande installasjonar, både innanfor olje og gass, men også inn mot framtidige marknader som flytande vindkraft. Det skriv Kværner Stord i ei pressemelding.

Arbeidet med kaien starta kort tid etter avgjerda om å investera i kaien skjedde i februar i fjor. Sidan den gongen er det gjennomført eit omfattande arbeid for å gjera verftet sitt hamnebasseng djupare. Arbeidet med fundamentet for den nye kaien har god framdrift og nærmar seg ferdig, melder Kværner.

Erna Solberg skal leggja ned grunnsteinen i kaien. I tillegg vil Stord-ordførar Gaute Epland, Kværner sin konsernsjef Karl-Petter Løken, Aker sin Atle Kigen og verftsdirektør Steinar Røgenes vera til stade, i tillegg til Kværner sine eigne tilsette og tillitsvalte på Stord.

Les også: Engelsen Entreprenør fekk stor jobb med Kværner sitt nye kaianlegg

Kværner skriv at bakgrunnen for investeringa i den nye kaien er ein olje- og gassmarknad i endring. Det er forventa fleire prosjekt på djupt vatn og i vêrharde område, og aukande etterspurnad etter flytande installasjonar.

– Prosjektet har stor strategisk betydning, og vil bidra til å styrkja Kværner si konkurransekraft og posisjonera oss for framtidige prosjekt. At det vert gjort såpass omfattande investeringar er i tillegg eit tydeleg signal frå våre eigarar om at dei har tru på framtida for Kværner og industrien i Norge, seier konsernsjef Karl-Petter Løken i ei pressemelding.

Investeringa vil auka kai-kapasiteten ved verftet med 266 meter, og gi 17.000 kvadratmeter nytt produksjonsareal ved anlegget. Vassdjupna ved kaien blir 16 meter, noko som vil gjera det mogeleg med kai-ligge for dei fleste typar flytande offshore-installasjonar, melder Kværner.

Verftsdirektøren

Saken fortsetter under annonsen.

I tillegg vert kranbanen for den gigantiske traverskranen «Storen» forlenga med rundt 100 meter, noko som vil medføra at installasjonar som ligg ved den nye kaien vil få delvis krandekning av den 1.050 tonns traverskranen, som Kværner tok i bruk i 2013.

– Investeringa i «Storen» har nærmest revolusjonert måten me samanstiller plattformer, og vist seg som ei veldig god investering for Kværner. Med ny kai blir krandekninga endå betre, noko som vil gi oss ytterlegare utnytting av kran-investeringa frå 2012, seier verftsdirektør Steinar Røgenes i pressemeldinga.

Les også: Erna Solberg skal også besøka Stord vgs.

Det første prosjektet som vil nytta kaien er det flytande produksjonsskipet (FPSO) til Johan Castberg-feltet, som Kværner skal byggja modular til og gjennomføra integrasjonsarbeidet på. Skrog og bustadmodul vert bygt i Singapore, men det skal etter det til Kværner sitt verft på Stord for bygging av modular, integrasjon og ferdiggjering.

– Kværner har sidan børsnotering i 2011 allereie investert nærmare 1,5 milliardar kroner i selskapet sine to verft på Stord og i Verdal, der nærmare 75 prosent av dette er offensive investeringar, seier Løken.

Det er Birken & Co som har ansvaret for den største delen av kaiprosjektet. Selskapet er eit entreprenørselskap med spesialkompetanse innan kai- og hamneutbygging.

Les også: Nesten 3.000 tonn med stål på plass

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut