Til StoraprideNyhende
Storapride 2019:

Får besøk av Kim Friele

Den kjende homoaktivisten Kim Friele tek turen til Stord, og snart vert programmet for Storapride offentleggjort.

AV Magne Kydland
Publisert
Oppdatert:

Helga 9.–11. august vert det skipa til Storapride for andre året på rad. I fjor var det over 4000 som møtte opp for å feira kjærleik og mangfald. I år vonar arrangørane at det kjem endå fleire.

– Me trur at det kjem til å bli endå større denne gongen. I år er det 50 år sidan det Stonewall-opprøret som starta priderørsla. Det er viktig å markera. Dessutan er me so heldige at me har får med oss Kim Friele i paraden i år, fortel leiar av Storapride, Anna Sofie Ekeland Valvatne.

Les også: I august vert det ny Storapride

Karen-Christine «Kim» Friele er ein norsk forfattar og aktivist som gjennom mange år arbeida for homofile sine rettar.

– Det er utruleg stas at Kim tek turen til Stord for å feira pride med oss. Ho har vore, og er framleis, utruleg viktig for rørsla vår. Då ho kom ut av skapet på slutten av 50-talet var homofili ulovleg og vart sett på som ei psykiatrisk diagnose. Ho har verkeleg vore ein viktig del av at stoda er heilt annleis for oss som kjem ut av skapet no i nyare tid, held ho fram.

Fram til no har over 50 lag og organisasjonar slutta seg til arrangementet, inkludert både Stord og Bømlo kommune.

– Eg blir heilt rørt av å sjå at lokalmiljøet tek oss i mot på denne måten. Det viser at Sunnhordland er ein stad for alle. Likevel har me eit stykke å gå, og det er jo difor me skipar til pride. For å syta for at slike ting som skjedde i Sandnes ikkje skal skje. Me vonar at fleire av kommunane i Sunnhordland vel å bli med på det prosjektet, seier Ekeland Valvatne.

Les også: Fleirtal for å heisa regnbogeflagget til topps i nabokommunen

Leiaren lovar at programmet for pride-helga vert offentleg snart.

– Det er framleis nokre små ting som må spikrast før me kan gå ut med programmet, men no byrjar det verkeleg å sjå ut som noko! Me gler oss veldig til å sjå heile Sunnhordland i regnbogefargar, avsluttar ho.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut