Kuppar ordførarenNyhende
Bømlo Ap:

Forhandlar om ordføraren

Ap kan framleis få ordføraren i Bømlo, trass i eit skuffande val.

AV Magne Kydland
Publisert
Oppdatert:

– Ap, KrF, Sp, SV og MDG har innleia samtalar om eit samarbeid. Forhandlingane vil halda fram onsdag ettermiddag. Me er einige om eit valteknisk samarbeid med eit fleirtal på 15 kommunestyremedlemmer. Me vil også ha diskusjonar om politisk prosjekt, og kva me kan prioritera for å utvikla Bømlo vidare.

Det skriv avtroppande ordførar Odd Harald Hovland i ei pressemelding, som vart sendt ut seint tysdag kveld.

Dersom partia blir samde, kan det gå mot framleis Ap-ordførar i Bømlo.

Trass i at Ap gjorde eit dårleg val, kan Torunn Laurhammer bli ordførar, medan Høgre sin toppkandidat, Ragnfrid Sønstabø, risikerer å bli spelt ut på sidelinja, trass i at Høgre gjorde eit godt val.

Høgre er valvinnar – men kan stå utan makt

Kvar fjerde veljar røysta nemleg Høgre, som enda på 25,1 prosents oppslutnad, fram 8,3 prosentpoeng sidan førre val.

Medan Ap enda på 19,9 prosent, tilbake heile 11,3 prosentpoeng sidan valet for fire år sidan.

Les også

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut