Betre tiderNyhende
Aasen Shipping:

Har bestilt to nye skip

Aasen Shipping byggjer nytt og miljøvennleg i Nederland.

AV Magne Kydland
Publisert
Oppdatert:

Aasen Shipping i Mosterhamn skal byggja to nye hybride sjølvlossarar i Nederland.

Dei to nye bulkfartøya er på 9.150 dødvekttonn kvar, skal byggjast ved Royal Bodewes, og leverast i 2021.

Aasen Shipping skriv i ei pressemelding at skipa får ein batteripakke om bord som vil redusere forbruket av drivstoff med 350 tonn pr. år. Det heiter også at sjølvlossarane med gravemaskin blir dei største i marknaden. Gravemaskinen skal også vera elektrisk, utsleppsfri og nærmast lydlaus.

– Fartøya vil bli dei mest miljøvennlege nokosinne bygde innan sitt segment, utstyrt med hybrid framdrift system. Og truleg dei aller første hybride bulk carriers. Fartøya blir 120 meter lange, og 15,80 meter breie. Hovudmotoren blir ein Wärtsilä 8L26 2600 kW. Batterikapasitet er på 339 kWh, heiter det i pressemeldinga.

Aasen Shipping er et familieeigd reiarlag med base i Mosterhamn. Det vart etablert av Hans Martin Torkelsen i 1981 og eig no seks bulk carriers.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut