Låg deltakingNyhende
Lågast valdeltaking i Sagvåg:

«Heimesitjarpartiet» vart igjen størst

Store skilnader, både på valdeltaking og kven som fekk røystene.

AV Magne Kydland
Publisert
Oppdatert:

Medan rundt 70 prosent av dei røysteføre i Nordbygdo (og Huglo) gjekk til valurnene, var valdeltakinga i Sagvåg på berre vel 60 prosent.

I Leirvik-krinsen, som strekkjer seg heilt frå Hystad til sørspissen av kommunen, røysta 63,7 prosent.

Les også: Reinert (36) og Tore (39) er nye i kommunestyret. Dette tenker dei om den nye kvardagen

Totalt var det 64,7 prosent som nytta seg av røystretten i Stord kommune ved årets lokalval. Det betyr at «heimesitjarpartiet» var største parti, med 35,3 oppslutnad.

Men årets valdeltaking er likevel større enn ved førre lokalval i 2015. Då røysta berre 62,8 prosent.

Sjå biletserien frå valdagen på Stord og Fitjar her!

Ser ein på valresultatet i dei ulike krinsane, fekk Frp over 30 prosent av røystene i Sagvåg. Her fekk Ap 26,8 prosent.

Ap er desidert største i dei andre to krinsane, med over 30 prosent av røystene. Høgre endar på andreplass både i Leirvik og Nordbygdo, med rundt 17 prosent av røystene begge stader.

Få med deg alt frå valet på Stord og Fitjar her!

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut