NedgangNyhende
Negativt driftsresultat:

Høge råstoffprisar trekkjer ned for Hydro Husnes

Fjerde kvartal i 2018 blei ein nedtur for hjørnesteinsverksemda på Husnes. Men baud likevel på produksjonsrekord.

AV Vidar Hope
Publisert
Oppdatert:

Høge råvarekostnader og lågare metallpris trekkjer ned resultatet, melder Hydro Husnes.

– 2018 har vore prega av høgare prisar på råstoff, først og fremst alumina. Det har påverka lønsemda og i fjerde kvartal har me no eit negativt driftsresultat. Nye og ukjente aluminakjelder har også gjeve oss utfordringar, men organisasjonen har gjort ein formidabel jobb med å stabilisera driften slik at me oppnådde ny produksjonsrekord i 2018 med 94.000 tonn, seier fabrikksjef Johan Berg i ei pressemelding.

Marknaden for pressbolt har ifølgje Berg halde seg bra gjennom 2018 og veksten i bruk av aluminium i både bil- og bygningsindustrien bidreg positivt. Hydro Husnes har måtta tilføra kaldmetall/omsmelt gjennom delar av året for å møta etterspurnaden.

– Me får stadig gode tilbakemeldingar frå kundane og blei av éin av dei største kundane av pressbolt i Europa annonsert som «industry benchmark» på kvalitet. Dette er sjølvsagt utruleg viktig i ein global konkurranse som blir tøffare for kvart år, og ei viktig fjør i hatten til støyperiorganisasjonen som i lang tid har systematisk styrkt presisjonen i alle arbeidsprosessane, skriv Berg.

Les også: Hydro Husnes med millionunderskot i tredje kvartal

Forbetringar i yting og kvalitet har også bidrege til at Hydro no satsar 140 millionar kroner på å utvikla eit nytt spesialisert produkt gjennom meir oppgradering av støyperiet på Husnes.

Aktiviteten for å oppgradera og gjenopna B-hallen skal vera i full gang. Ifølgje Johan Berg går alt etter planen, og det er forventa at linja vil starte produksjonen første halvår i 2020.

– Det er spennande å få ta del i dette prosjektet som er så viktig for Hydro Husnes. Det er mange involverte og ekstra gledeleg er det å sjå at våre lokale leverandørar har vist seg konkurransedyktige i å få oppdrag i prosjektet, skriv Berg.

– Like gledeleg var det å sjå den enorme interessa for å jobba på Hydro Husnes. Me fekk inn over 500 søknader på jobbane me skal fylla i løpet av 2019 og 2020, seier Berg.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut