Skifta ut toppenNyhende
Øyvind Kyvik:

– Høgre skal ha nye samtalar med sentrum

Høgre gjorde eit dårleg val på Stord. Likevel har dei framleis eit håp om å hamna i posisjon.

AV Kjetil Østrem
Publisert
Oppdatert:

– Me har hatt gode samtalar med Frp, Sp og Krf, der me har fått lagt fram våre synspunkt, og kva som er viktig for Høgre. Me har registrert at Sp og KrF har teke dette med seg tilbake til sine grupper, der dei vurderer om dette er eit alternativ dei ønskjer å støtta, seier Kyvik til Sunnhordland.

– Kva magekjensle sit du att med etter desse samtalane?

– Eg har alltid hatt ein god tone med Jakob Bjelland og Torbjørn Brosvik, og eg har presisert overfor dei at me kan få til mykje bra saman, og at alle kjem til å tena på det. Så magekjensla er god, den, men så må du jo rekna med at Ap også har lyst til å halda fram i ordførarstolen.

– Har Høgre avtala nye samtalar med sentrum?

– Ja, me har avtale om det, ja.

– Er dette for å drøfta ei politisk plattform, eller for å få dommen?

– Det står att å sjå.

Sp-nestor Johannes Landmark: – Det ville vore heilt eineståande dersom Sp fekk ordføraren

På staden kvil

Høgre gjekk 0,6 prosentpoeng tilbake i årets kommuneval, og står på staden kvil når det gjeld representantar i kommunestyret, med sine seks. Om det seier Kyvik følgjande:

– Du håpar sjølvsagt alltid på ein kjempegod oppslutnad. No gjekk me 0,6 prosentpoeng tilbake, og held på mandata våre. Du skal ta med i reknestykket at Stord Høgre har skifta ut store delar av toppen før årets val. Liv Kari Eskeland og Sverre Olav Svarstad er borte. Det same er Helge Vie og Reidun Aasheim. Sett i lys av det så trur eg at me har god grunn til å vera nøgde med valresultatet, sett i etterkant, seier Kyvik.

Saken fortsetter under annonsen.

– Etter kvart som valkvelden skreid fram, fekk du ei aukande kjensle av at ordførardraumen din brast?

– For meg er det viktig at ordføraren skal vera samlande, og bidra til å spela på lag, sjå kvarandre sine positive sider og skapa ein god dynamikk i ein koalisjon. Dei eigenskapane meiner eg sjølv at eg har. Men det er klart, så lenge Høgre stod på staden kvil så er det andre som også ønskjer seg den posisjonen. Men hugs på: Kjell Magne Bondevik var heller ikkje størst då han var statsminister i Norge.

– Så du har framleis eit håp, er det dét du seier?

– Det viktigaste for meg er at me får til ein heilskapleg politikk, og at me får råd til dei investeringane som ventar når det gjeld ungdomsskule på Nysæter, innfasing av nye sjukeheimsplassar og investeringar knytte til Langeland skule. Om me kan få dette til, med ein annan ordførar, så er Høgre med på det, seier Kyvik.

Nye fjes i kommunestyret: Dette tenker Reinert (36) og Tore (39) om den nye kvardagen

To liv

Då Sunnhordland snakkar med Høgre sin ordførarkandidat er han på plass på jobb på Kværner Stord, der han jobbar med kontinuerleg forbetring.

– Eg har to liv. Eg må passa på jobben, elles så blir eg kalla inn på teppet hos Steinar Røgenes, ler ordførarkandidaten.

– Men du har ikkje vore mykje på jobb under valkampen?

– Det har vore begge delar. Men eg har teke ut veldig mykje avspasering, og tilmed ferie utan løn. Så her har me ofra alt for politikken. Eg kan slå fast at du blir ikkje særleg rik av å vera lokalpolitikar, seier Øyvind Kyvik.

Få med deg alt om valet på Stord og Fitjar her!

Les også

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut