I STYRETNyhende

Inn i styret i nye Vestland SV

Akhtar Chaudhry (57) frå Stord er med i leiarskapen i nyskipa Vestland SV.

AV Olav Røli
Publisert
Oppdatert:

I helga vart dei to fylkeslaga Hordaland SV og Sogn og Fjordane SV slege saman til eitt nytt fylkeslag, nemleg Vestland SV. Til å leia laget vart Hege Lothe frå Gloppen valt. Ho fekk med seg Gina Barstad frå Bergen som politisk nestleiar, og Akhtar Chaudhry frå Stord som organisatorisk nestleiar. Det skriv partiet i ei pressemelding.

Chaudhry er fødd og oppvaksen i Pakistan, men har budd i Norge sidan 1982. Han er tidlegare stortingsrepresentant og justispolitisk talsperson for SV, og har også vore med i lokalpolitikken i Oslo i tre periodar. I dag bur han på Stord, og jobbar som seniorrådgjevar i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet.

Vestland SV utarbeidde også lista til fylkestingsvalet til hausten. Her finn me Marthe Hammer frå Bergen øvst, medan Åsmund Berthelsen frå Sunnfjord er på 2.-plass. Først på 11.-plass finn me ein representant frå Sunnhordland, med Anne Brit Sørenes frå Bømlo. Signe Ekeland frå Stord er på 13.-plass på lista.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut