KOLLISJONNyhende

Klaga over nakkesmerter etter kollisjon

To bilar involvert i kollisjon på Fitjar måndag kveld.

AV Olav Røli
Publisert
Oppdatert:

Måndag kveld, klokka 21.28, fekk naudetatane melding om ein kollisjon på fv. 75 i Fitjar, nærmare bestemt Rabbakleiva.

– To bilar var involvert. Det kan sjå ut som uhellet skjedde då ein av bilane skulle svinga av frå vegen, seier Gunnar Sande, vaktsjef hos Haugesund politistasjon til Sunnhordland.

Det var ein person i kvar bil, ei kvinne i 20-åra og ein mann i 30-åra.

– Ein av dei klaga over smerter i nakken, men utover det var det ikkje meldt om skader, seier Sande.

Politiet etterforskar saka vidare for å finna årsaka. Det er ikkje mistanke om promillekøyring.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut