DyrtNyhende
Politiet:

Kompiskøyring kan gi bot og avskilting

Lovendring kan kosta dyrt.

AV Vidar Hope
Publisert
Oppdatert:

Etter ei lovendring i sommar har politiet no høve til å slå ned på kompiskøyring. Resultatet kan bli opptil 15.000 kroner i bot og avskilting av bilen, melder Sørvest politidistrikt.

– Kompiskøyring er transport mot betaling, altså privat taxiverksemd som blir organisert via sosiale media av menneske som ikkje kjenner kvarandre frå før. Sjåførane har verken løyve eller vandelsattest, og kompiskøyring er svart arbeid, skriv politiet.

Les også: Drosjeselskapa på Stord rasar mot venekøyring

Det er lov å køyra vener og kjende, så lenge partane har eit felles transportbehov og betalinga ikkje overstig ein viss sum av utgiftene for turen, står det vidare.

Les også: Bilisten fekk ei bot på 7.000 kroner for dette

Les også

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut