Koalisjonen?Nyhende
Forhandlingar på Fitjar:

KrF-Rydland har invitert Frp og Sp inn i varmen

Tysdag kveld var Framstegspartiet og Senterpartiet i Fitjar invitert til forhandlingar med KrF. – Me diskuterte posisjonar, seier Sigurd Andre Maraas, som ligg an til å bli ny varaordførar.

AV Hilde Vormedal Nybø
Publisert
Oppdatert:

Med 32,5 prosent og seks mandat i kommunestyret er KrF største parti og har teke initiativ til forhandlingar. På førehand har Harald Rydland gått ut med at han ønskjer Maraas som varaordførar, men dei to partia åleine har berre åtte representantar og det er ikkje nok. Då må ein ha Senterpartiet med på laget med tre representantar. Ein slik koalisjon vil ha 11 av 17 representantar i kommunestyret.

– Me er i samtale og snakkar saman. I første omgang er det posisjonar me har snakka om, så tek me resten etter kvart, seier Maraas i Fitjar Frp.

– Kva tid trur du ein har på plass ein koalisjon?

– I nær framtid, seier Maraas.

Skisse til godkjenning

Også Harald Rydland (KrF) har tru på at ein vil komma til semje i løpet av kort tid. Rydland var sjølv ikkje på møtet tysdag kveld.

– Eg var i floren og mjølka, seier Rydland.

– Du har is i magen?

– Ja, eg hadde jo snakka med dei store delar av dagen, seier Rydland.

Han peiker på at han meiner det er viktig at dei nye representantane får ei skisse frå utvalet til gjennomsyn og kan gje tilbakemelding.

Saken fortsetter under annonsen.

– På grunn av dette kan det gå ein dag og to, seier Harald Rydland.

Bård Inge Sørfonn er leiar for forhandlingsutvalet til KrF. Han stadfestar at det i første omgang er posisjonar ein har snakka om.

– Me har eit forslag som er oppe til vurdering, men det er i ein innleiande fase, seier Sørfonn.

– Når har de avtalt nytt møte?

– Det er ikkje avtalt. No skal me ha interne rundar i partia, seier Sørfonn.

Politikk viktigast

– Me meiner at eit samarbeid med med KrF er det som vil gje best gjennomslag for vår politikk, seier Karen Elisabet Rydland Sæbø i Senterpartiet.

– Sp er jo det nest største partiet, men Rydland ønskjer seg Maraas som varaordførar, kva tenkjer du om det?

– Dette er jo noko dei har blitt einige om for lenge sidan. Personleg meiner eg det ville vore naturleg at det nest største partiet fekk varaordføraren. Men i staden for å diskutera dette vel me å fokusera på kor me får størst gjennomslag for politikken, og så legg me oss ikkje opp i dette, seier Sæbø, som legg til at det har vore rolege forhandlingar med lite temperatur.

Få full oversikt over valet i Stord og Fitjar her!

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut