SISTE:

Kværner etablerer gigantisk brakkeleir på Heiane

Treng meir plass.

AV Magne Kydland
Publisert
Oppdatert:

– På grunn av stor aktivitet i Njord-prosjektet, og stigande aktivitet i prosjekta Johan Castberg og Johan Sverdrup fase 2 RP-modifisering, vil det ein periode framover vera behov for auka leirkapasitet på Stord. Kværner har difor gjort avtale med Heiane Vest AS og Stord Innkvartering AS for etablering av ein mellombels leir på Heiane.

Det skriv Kværner i ei pressemelding.

Tidlegare var det snakk om fleire alternativ, blant anna vart det søkt om å få leggja eit losjiskip til kai ved Leirvik AS. No har Kværner i staden landa på brakkeleir på Heiane.

Trappar opp

– Det vil bli etablert åtte bustadriggar og kantine, med ein total kapasitet på 350 rom. Leiren vil i første omgang bli etablert for ein periode på seks månader, men med opsjon på ytterlegare fire månader. Leiren på Heiane kjem i tillegg til leiren på Kjøtteinståa, som har ein kapasitet på ca. 1000 rom. Arbeidet med prosjektering og opparbeiding av leiren på Heiane er allereie i gang. Første del av leiren er venta å stå klar i slutten av oktober, medan full leirkapasitet skal vera klar i byrjinga av desember, melder Kværner.

Kommunikasjonssjef Odd Naustdal har tidlegare opplyst til Sunnhordland at det på det meste vil vera rundt 3.000 personar i arbeid på Kjøtteinen utover hausten og vinteren, etter kvart som aktiviteten aukar i Johan Castberg-prosjektet og Johan Sverdrup RP modifikasjons-prosjektet.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut