Er nesten klart, men ...

Må venta endå lengre på indisk restaurant

Restauranten India Gate i Borggata er så godt som ferdig, men det blir truleg likevel ikkje opning før om tre veker.

AV Hilde Vormedal Nybø
Publisert
Oppdatert:

– Me er nesten klare. Det er berre eit par ting som ikkje er på plass. Eitt av dei er skjenkjeløyvet. Det vil kommunen handsama på møtet 2. oktober, seier dagleg leiar Manjit Singh.

Det er formannskapet i Stord som handsamar skjenkjesaker. Dei har møte 16. september, men dette er ifølgje ordførar Gaute Epland ein rein budsjettkonferanse.

Ny utsetting

I utgangspunktet var planen til India Gate å opna på Stord i juli. Sidan har datoen blitt strekt ut av ulike årsaker.

– Me fekk først melding frå Mattilsynet om at alt var i orden, men så kom det beskjed om at det ikkje var det. Men dette er ordna opp i no. Tilbakemeldinga frå Arbeidstilsynet er også at ting er ok no, så då er det skjenkjeløyvet som står att, seier Singh, som seier at det har vore nokre misforståingar undervegs.

SKJENKJELØYVE

Han fortel at dei no vil gjera alt ferdig og klart, sjølv om det truleg ikkje blir opning før etter 2. oktober.

– Har de vurdert å starta opp utan skjenkjeløyve?

– Me skal ha eit møte der me skal diskutera dette. Men i utgangspunktet ønskjer me å opna ein fullverdig restaurant, seier Manjit Singh.

30 plassar

Lokala som tidlegare har husa Peder Bakar AS og Skaut, skal etter planen ha rundt 30 sitjeplassar, ha ope sju dagar i veka og ein stab på tre-fire tilsette.

India Gate har drive restaurant i Haugesund sidan 2010. I 2018 utvida dei også med ein take away-restaurant i Åkrehamn på Karmøy.

Les også: Snart får stordabuen servert indiske måltid. Men eigaren ligg litt bak skjema

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut