UteNyhende
Sterk tilbakegang:

Mange færre bygdelister stilte til val

Både i det noverande Hordaland og Sogn og Fjordane har talet på bygdelister gått sterkt tilbake ved kommunevalet i år.

AV NPK
Publisert

Ved det førre kommunevalet i 2015, hadde Sogn og Fjordane ifølgje NRK fem slike lister. I år var Samfunnsdemokratane dei einaste som stilte slik liste i fylket.

Tendensen er den same i Hordaland. Der er talet på bygdelister redusert frå tolv til seks. Valforskar Yngve Flo meiner utviklinga kan hengja saman med kommunereforma og trur fleire parti har blitt meir opptekne av sikra brei representasjon når ein kommune skal slå seg saman med ein eller fleire andre.

– Ein har blitt meir oppteken av å sikra representasjon frå alle bygdelag, nettopp for å appellera til alle innbyggjarar og bidra til å byggja den nye kommunen, meiner valforskaren.

Fylkestingsvalet: 155 stordabuar røysta på bompengepartiet

Han meiner det har ført til at noko av behovet for bygdelister har blitt borte. Det er andre forskarar ikkje utan vidare einige i. Forskarkollegaen hans Bjarte Folkestad ved Høgskulen i Volda peikar på bygdelistene elles i landet lever i beste velgåande og at det var i underkant av 150 lokale lister ved valet i år. Dette er om lag det same som ved kommunevalet i 2015.

Folkestad meiner det er for tidleg å seia korleis kommunereforma vil slå ut i forhold til bygdelister.

– Om ho vil generera fleire lokale lister, har me ikkje svar på enno. Det kan skje på sikt, seier han.

Få med deg alt om valet på Stord og Fitjar her!

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut