TIL HAUKELANDNyhende

Mann i 30-åra mista livet

Mannen som hamna under ein bil førre måndag, døydde av skadane han fekk.

AV Marius Knutsen
Publisert
Oppdatert:

Førre måndag rykte naudetatane ut til ei ulukke på ei privat adresse på Stord. Naudetatane fekk melding om ulukka då klokka var 17.34, og var raskt på staden. Ein mann i 30-åra blei seinare same ettermiddag frakta med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

– Mannen som var i ulukka døydde av skadane han fekk, seier Stord-lensmann Roald Raunholm.

Politiet oppretta ei undersøkingssak etter ulukka. Den er framleis under etterforsking.

– Dette er ei tragisk ulukke. Mannen jobba med bilen sin, og så fekk han bilen over seg. Me veit enno ikkje årsaka, seier Raunholm til Sunnhordland.

Les også: Politiet har oppretta undersøkingssak

Les også

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut