KOLLISJONNyhende
Stord:

Mann i 30-åra til sjukehus etter trafikkulukke

Onsdag ettermiddag har det vore eit trafikkuhell i Hystadvegen på Stord.

AV Ingvild Siglen Berger
Publisert
Oppdatert:

Der hadde det skjedd ein påkøyrsel bakfrå, då ein bil stansa for eit born som skulle over eit fotgjengarfelt og bilen som kom bak den igjen ikkje klarte å stoppa i tide.

Det opplyser operasjonsleiar Olaug Bjørnsen i Sørvest politidistrikt.

Operasjonsleiaren fortel at sjåføren av bilen som køyrde i den første bilen bakfrå, ein mann i 30-åra, vart sjekka av helsevesenet på staden og så køyrd til sjukehuset på Stord.

– Han står ikkje fram som alvorleg skada, men skadeomfanget er ukjent, seier Bjørnsen.

Den andre bilføraren skal vera ein mann i 50-åra. Politiet tek avhøyr av han på staden.

Barnet vart ikkje skadd i hendinga, og er teken hand om. Naudetatane fekk melding om ulukka klokka 17.10.

Det var ei stund trafikale problem i området. Bilbergar kom til, og klokka 18.19 vart begge køyrefelt opna att.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut