OmkomNyhende
SISTE:

Mann i 70-åra omkom i husbrann på Tysnes

Dei nærmaste pårørande er varsla.

AV Vidar Hope
Publisert
Oppdatert:

Politiet fekk melding om brann i ein einebustad på Malkenes klokka 00.15 natt til onsdag. Det vart meldt om full fyr i bustaden og ei rekkje ressursar blei sendt til staden.

Vest politidistrikt opplyser at det er registrert to bebuarar i huset som brann.

– Den eine personen fekk politiet fort kontakt med, medan den andre blei meld sakna. Dette er ein mann i 70-åra, skriv politiet i ei pressemelding.

Brannen er no sløkt og det vert drive ettersløkking på staden. Bustaden er totalskadd.

– Brannvesenet har gått gjennom brannstaden og det er funne ein død person i bustaden. Det er å anta at dette er den sakna mannen i 70-åra, men personen som er funnen er ikkje identifisert, skriv politiet.

Saka vil bli etterforska av Kvam, Fusa og Tysnes lensmannsdistrikt.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut