OVERGANGNyhende

Mannen bak Fitjarlisto går over til Senterpartiet

Mannen bak Fitjarlisto, Kristian Skumsnes, står på 2. plass på lista til Senterpartiet.

AV Olav Røli
Publisert
Oppdatert:

Fitjarlisto har stilt til val på Fitjar sidan valet i 2011, der dei sanka 37 røyster. Men no ser det ut til at lista, som mellom anna ville ha slutt på vintertida, no er historie.

Kristian Skumsnes står nemleg på 2. plass på Senterpartiet si liste til kommunes- og fylkestingsvalet til hausten, viser ei liste som Sunnhordland har fått tilsendt frå Senterpartiet måndag kveld.

Bak Karen Elisabeth Rydland Sæbø, som har vore fast representant i kommunestyret den siste perioden.

Grete Marit Veka Maraas stod på 1. plass ved førre val, men er denne gongen flytta ned til 3. plass.

Senterpartiet hadde tre representantar etter valet i 2007, men det vart redusert til to etter valet i 2011. Og slik har det vore sidan den gong.

Senterpartilista på Fitjar

  1. Karen Elisabet Rydland Sæbø (1978), Veterinær
  2. Kristian Skumsnes (1977), Kyrkjetenar/ gardbrukar
  3. Grete Marit Veka Maraas (1959), Spesialhjelpepleiar
  4. Lisa Instefjord Gilje (1982), Pedagog
  5. Anja Montsko Austlid (1987), Revisormedarbeidar
  6. Sigbjørn Tverderøy (1995), Offshorearbeidar
  7. Geir Ingolf Strand (1979), Ingeniør
  8. Signe Kvalsvik Rydland (1988), Tannlege
  9. Katrine Aarbø Solheim (1988), Avløysar
  10. Reidar Kloster (1959), Gardbrukar
  11. Arve Rydland (1974), Vaktmeister
  12. Lillian Kongestøl Vik (1980), Vernepleiar
  13. Jens Gaute Aarbø (1964), Gardbrukar
  14. Geirmund Mikal Drønen (1955), Pensjonist
  15. Bård Inge Bø (1977), Fysioterapeut
  16. Unni Strand (1981), Student
  17. Knut Vik (1959), Båtbyggar
  18. Gro Rydland (1953), Lærar vidaregåande skule
  19. Håkon Hovstad (1955), Pensjonist/torghandlar
  20. Sverre Sæterbø (1972), Sjølvstendig næringsdrivande
  21. Geir Arne Solbakken (1975), Lærar vidaregåande skule

 

Les også

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut