OppgraderingNyhende
Bømlo:

Millionar til oppgradering av vêrradaren på Goddo

Regjeringa føreslår å løyva 12,9 millionar kroner til omfattande oppgradering.

AV Vidar Hope
Publisert
Oppdatert:

– Ein vêrradar er utsett for stor slitasje, og kvaliteten på observasjonane går ned med alderen. Forventa levetid for ein verradar er om lag 15 år, før han treng ei såkalla midtlivsoppgradering. Vêrradaren på Bømlo vart sett opp i 2002, og er no 17 år gamal, skriv Ragnfrid Sønstabø, Bømlo Høgre sin ordførarkandidat, i ei pressemelding.

– Vêrradaren på Bømlo overvaka nedbøren som kjem inn frå havet i vest mot kysten og Bergen og er svært viktig for vêrvarslinga i dette området. Ei framleis sikker og godt vêrradardekning har stor betydning for varslinga av ekstremvêr og flaum i området, skriv Sønstabø.

Radaren på Bømlo bidreg også til betre varsling av flyvêret på Flesland, og dermed til auka flytryggleik.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut