
Mopedist køyrde av vegen
Vart henta av ambulanse og køyrt til Stord sjukehus.
Søndag kveld vart ein mopedist køyrt til sjukehus etter å ha hatt eit uhell ved Bjellandsvegen.
– Mopedisten vart teken med av ambulanse og køyrt til sjukehus, melder Politiet i Sør Vest på Twitter.
Måndag morgon melder Emma Audunsdottir ved politistasjonen i Haugesund at mopedisten etter det politiet veit ikkje skal vera alvorleg skadd. Det er ikkje noko mistanke om promillekøyring, og ingen andre skal ha vore involvert i ulukka.
#STORD Mopedist kjørt av veien på Bjellandsvegen. Tatt med av ambulanse og kjørt til sykehus. Ukjent skadeomfang. Ikke meldt om trafikale problemer på stedet.— Politiet i Sør-Vest (@politietsorvest) 10. februar 2019