Havarist på langtur:

Nærmar seg land

Over fem timar etter at dei køyrde om bord er passasjerane på MF «Bastø II» på Halhjem, men ferja er enda ikkje lagt til kai.

AV Hilde Vormedal Nybø
Publisert
Oppdatert:

– «BB Server» skubbar oss. Framme styrer ein mindre taubåt «Leo B» fortel Hans Ingvar Romsloe, som er ein av dei 102 passasjerane om bord i ferja som mista motorkrafta i Bjørnefjorden før klokka 14 i dag.

Romsloe opplever at det framleis er god stemning om bord i ferja.

– Me har vore veldig heldige med vêret. Hadde dette skjedd førre helg, då det var mykje meir vind, så kunne jo fort ferja hamna på land før slepebåtane kom fram. Det kjennest ikkje så trygt med ei ferja som denne, som berre har ein motor. Blir det trøbbel så står ein utan motorkraft. Moderne ferjer har jo ofte fleire motorar, seier Romsloe.

Oppdatering: Omkring klokka 19.15 søndag kveld la ferja endeleg til kai ved Halhjem. 

Les også: Bilferje ligg og flyt i Bjørnefjorden – utan motorkraft

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut