Tek permisjonNyhende
Stord-kontoret tomt inntil vidare:

NRK-Marte tek permisjon

Har sin siste arbeidsdag, for ei stund iallfall, denne veka.

AV Magne Kydland
Publisert

Marte Rommetveit, som har jobba på NRK Hordaland sitt avdelingskontor på Stord i 11 år, tek eitt års permisjon, og flyttar i desse dagar til Austlandet.

– Eg fekk gå på litt kort varsel grunna ny jobb i Oslo. Eg er tilsett i Munck Studios, og skal vera produsent for P2-programmet «Desse dagar», fortel Rommetveit, som også har jobba ein del ved NRK-kontoret i Bergen, både som programleiar i Vestlandsrevyen og Norge Rundt.

NRK sitt kontor i Sunnhordland vil framleis bestå, men kjem no til å stå tomt ein liten periode til ny vikar er på plass.

– Me er i gang med å finna ein vikar for henne. Marte har eitt års permisjon, og vil bli erstatta i denne perioden. Det er veldig viktig for oss å bemanna Stord-kontoret vårt, seier distriktsredaktør Dyveke Buanes.

Les også: NRK feira lokalkontoret på Stord 40 år etter opninga

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut