UtrykkingNyhende
Sendt til sjukehus:

Rusa bilist i 60-åra køyrde ned skråning og trefte skilt

Skal ha køyrd utfor ei skråning ved Årskog industriområde.

AV Vidar Hope
Publisert
Oppdatert:

Alle naudetatane rykte ut etter at det klokka 11.08 kom melding om ei trafikkulukke ved Årskog på Fitjar fredag. Då etatene kom fram låg ein bil i ei skråning. Føraren av bilen, ei kvinne i 60-åra, skal ha komme seg ut av bilen og blei tilsett av lege på staden. 

Vedkommane skal ha vore tilsynelatande uskadd, ifølgje politiet. Bilisten skal ha framstått som påverka av alkohol, noko politiet vil undersøkja vidare.

Les også: Bilførar blei jakta på av politiet etter at han stakk frå kontroll

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut