LeiteaksjonNyhende
Stor leiteaksjon:

Sakna kvinne funnen nedkjølt – sendt til sjukehus

Store ressursar blei sett inn for å finna turgåar.

AV Vidar Hope
Publisert
Oppdatert:

Eit Sea King-redningshelikopter er sett inn i søket etter kvinna i 50-åra. Ho blei meldt sakna klokka 20.00 søndag kveld, etter at ho ikkje kom tilbake frå ein tur i Tveitedalen.

Ifølgje avisa Kvinnheringen får politiet bistand frå Kvinnherad Røde Kors Hjelpekorps, Norsk Folkehjelp Haugaland og seks hundepatruljar frå Norske redningshundar.

Det skal også vera fleire frivillige som deltek i søkjet.

– Familie hadde søkt etter vedkomande før det vart varsla til oss. Det vart så iverksett ein leiteaksjon søndag kveld. Me fekk på plass Røde Kors, fleire frivillige, seks hundeekvipasjar frå Norske redningshundar og det vart søkt med helikopter. Utan funn, seier lensmann Sigurd Børve til lokalavisa Grenda.

Oppdatering: Klokka 12.00 melde Kvinnheringen at kvinna var funnen i terrenget. Ho var då bevisst, men nedkjølt, og blei sendt til sjukehus etter at helsepersonell hadde teke hand om ho. 

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut