Fekk Kværner-jobb:

Skal prosjektera kransporet

Multiconsult har fått jobben med å prosjektera kransporet på den nye kaien til Kværner.

AV Hilde Vormedal Nybø
Publisert
Oppdatert:

– Me samarbeida godt med Kværner om den første utbygginga av kransporet, som no skal forlengjast, og det gler oss at me igjen blir valt som leverandør. Multiconsult er engasjert for å prosjektera forlenginga av kranbanen på hundre meter, og me er rådgjevande ingeniørselskap for konstruksjonsteknikk og geoteknikk. Gjennom dette prestisjeprosjektet vidareutviklar me kompetansen på industriutbyggingar, seier avdelingsleiar Erlend Kent i Multiconsult avdeling Stord i ei pressemelding.

Les også: Leirvik-tilsette får fem mill. i bonus etter Sverdrup-mål

Kværner skal investera 370 millionar i utbygginga av kaien. I samband med det skal ein utvida kranbanen for «Storen», som er Nord-Europas største traverskran med 100 meter. Kaien på vestsida av verftet skal bli 266 meter lenger noko som vil gje 17.000 kvadratmeter nytt produksjonsområde.

MEIR AREAL

Lønsam investering

– Kaien og det forlengja kransporet er ein viktig investering for Kværner, som vil utvida kapasiteten, auka krandemningen og gjera anlegget på Stord meir fleksibelt og skreddarsydd for ulike typar flytande installasjonar. Kaien og kransporet skal stå klart til Johan Castberg-skroget kjem til, og er såleis eit tidskritisk prosjekt som me er avhengig av å ha gode leverandørar med på, seier prosjektleiar Thomas Dahl i Kværner.

Det nye kaianlegget skal stå ferdig i andre kvartal 2020.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut