Innovasjonsprosjekt:

Skal utvikla to nye hydrogendrivne skip

Eit nytt innovasjonsprosjekt er tildelt 5 millionar euro frå EU for å setja i drift to hydrogenfartøy i Norge og Frankrike.

AV Ingvild Siglen Berger
Publisert
Oppdatert:

Innovasjonsprosjektet heiter Flagships, og klyngjesamarbeidet NCE Maritime CleanTech, der alle dei 4 norske partnarane er med, var ein av initiativtakarane til hydrogenprosjektet.

– Både EU og skipsfarten ser hydrogen som ein viktig bidragsytar i klimakampen. Dette innovasjonsprosjektet vil bli svært viktig for å demonstrera teknologien, eigenskapane og aksepten for maritime hydrogenløysingar, seier Hege Økland, dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, i ei pressemelding.

Skipsfarten under press

Prosjektet er tildelt 5 millionar euro frå EU gjennom programmet «Fuel Cells and Hydrogen Joint Undertaking» som er ein del EU sitt forskings- og innovasjonsprogram Horisont2020. Flagships-fartøya er to nybygg, der det eine skal setjast i kommersiell drift i Lyon for Compagnie Fluvial de Transport (CFT) på ei av Frankrike sine mest krevjande elvar, Rhône. Det andre fartøyet skal i drift i Stavanger, der intensjonen er at hydrogen skal driva ei Norled-ferje på Finnøy-sambandet.

– Grøn skipsfart er ein føresetnad for å nå nasjonale og internasjonale utsleppsmål. Skipsfarten er under press for å redusera skadelege utslepp, og brenselceller og hydrogen vert sett som nøkkelteknologiar i utviklinga av meir berekraftige transportløysingar, står det i pressemeldinga.

Les også: Jobbar mot ein grønare cruisefart

INNOVASJONSPROSJEKT

Null utslepp

Prosjektet har som målsetjing at begge fartøya skal gå på hydrogen produsert frå fornybar energi. Drifta av fartøya vil dermed skje med null utslepp, og samtidig leggja grunnlag for å mogeleggjera anna nullutsleppstransport både på sjø og land. Norled sin intensjon er å bruka same hydrogenteknologi som blir utvikla i selskapet sine andre hydrogenprosjekt, som mellom anna bygginga av ferja som vil bli verdas første skip drive av flytande hydrogen.

– Norled har tatt ei leiande rolle i utviklinga av nullutslepps ferjer. Dette innovasjonsprosjektet vil bli eit viktig neste steg i demonstrasjonen av maritim brenselcelleteknologi, både operasjonelt og kommersielt. Ved å byggja på eksisterande kunnskap frå andre pågåande hydrogeninitiativ rundt om i verda, vil prosjektet også bidra til ein betydeleg reduksjon i kostnadane for maritime brenselcellesystem, seier Sigvald Breivik, CEO i Norled.

I drift i 2021

I tillegg til EU-midlane, vil skipseigarane CFT og NORLED gå inn med betydelege investeringar for å få realisert fartøya. Prosjektet omfattar ei gruppe leiande industripartnarar som inkluderer skipseigarar, leverandørar av brenselcelleteknologi, i tillegg til ekspertar innan design av elektriske kraftsystem, produksjon, skipsdesign og energistyring, heiter det i pressemeldinga. Flagships-prosjektet starta 1. januar i år, og hydrogenfartøya skal etter planen setjast i drift i løpet av 2021.

Utanom skipseigarane Norled og CFT (FR), og NCE Maritime CleanTech, består konsortiet av ABB, LMG Marin (NO & FR), Ballard Europe (DK), PersEE (FR) og VTT Technical Research Centre of Finland (FI). Westcon Power & Automation (NO) vert også ein del av konsortiet i nær framtid.

Les også: Blir ny styreleiar

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut