Lys i tunnelenNyhende
Går mot sin tiande periode, men:

«Slengjarkongen» Litleskare vippa ned frå trona

Ingen fekk fleire såkalla slengjarar enn Fredrik Litleskare i kommunevala i 2007 og 2011. Men i år var det ikkje så sprekt.

AV Kjetil Østrem
Publisert
Oppdatert:

– Eg uner alle å få slengjarar. Eg fekk mange både i 2007 og 2011, då eg representerte Demokratane, sat høgt på pidestallen og ikkje trong å passa kjeften min. No representerer eg Høgre, og tida var komen for å promotera ordførarkandidaten. Det synest eg er fint, og eg har ingen problem med å akseptera det, seier Litleskare til Sunnhordland.

– Ikkje nederlag

I 2007 fekk Litleskare 192 slengjarar, og i 2011 fekk han heile 350 personstemmer frå veljarar til dei andre partia. Det gjorde at han trona heilt åleine på slengjartoppen, som også kan sjåast på som ein popularitetsskala. I år måtte tredjekandidaten til Høgre nøya seg med berre 28 slengjarar.

– Du lever fint med det?

– Ja, jøsses. Det er ikkje noko nederlag. No skal det seiast at Høgre-kandidatar tradisjonelt sett ikkje får mange slengjarar. Når det gjeld meg personleg så lever eg godt med det. Eg kan jo ikkje sitja på den toppen til evig tid. Eg er glad for at me får eit generasjonsskifte i politikken, seier 66-åringen.

Ein kik på lista over slengjarar underbyggjer det Litleskare seier. Høgre sin toppkandidat Øyvind Kyvik fekk 53 slengjarar ved årets val, som var flest i partiet. Dette er til samanlikning 12 færre enn kva Tore Roth Blokhus (Raudt) fekk. Slengjarvinnaren i år var Jakob Bjelland frå Sp, med 153.

Passerer Belsvik

Som Høgre sin tredjekandidat susa likevel Fredrik Litleskare inn i kommunestyret, og er klar for sin tiande periode. Heilt sidan 1984 har han vore aktiv i Stord-politikken - utan stopp. Dermed passerer han den gamle SV-kjempa Johann Belsvik i ansiennitet. Belsvik kunne visa til «berre» ni periodar. Men det høyrer med til historia at Belsvik hadde eit opphald frå politikken mellom 1964 og 1967, ifølgje møtesekretær Marit Annie Åkra sine journalar.

Av andre representantar med lang fartstid finn me Tordis Nysæter (Ap). Ho var inne i sin sjette periode i kommunestyret då ho døydde.

– Så Fredrik sin ansiennitet er unik, og svært sjeldan, seier Åkra.

Kritisk sjel

Sjølv var Litleskare aldri i tvil om at han skulle gå på ein ny periode.

– Det som driv meg er framleis Hans J. Røsjorde sine ord. Han sa til meg ein gong at dersom eg var villig til å kritisera utan å gjera noko med det, så var eg feig. Ville eg kritisera så måtte eg også vera villig til å ta eit ansvar. Og eg er framleis ei kritisk sjel. Det er framleis min legning, og det er drivkrafta. Samstundes føler eg meg privilegert som har støtte på heimebane til å driva på, seier Litleskare.

Nye fjes i kommunestyret: Dette tenker dei om den nye kvardagen

Opprørar

Gjennom snart 40 år kan han visa til ei mildt sagt variert politisk karriere. Som tidlegare Frp-ar var han i alle mediekanalar i 2001, då han var med på opprøret i Hordaland sitt fylkesparti, i samband med nominasjon til stortingsvalet. Han stilte som «opprørarane» sin motkandidat til Terje Søviknes. Det heile enda med at han trekte seg frå partiet, etter trugsmål om ekskludering, for å ha motsett seg partileiar Carl I. Hagen sin instruksjon til nominasjonsmøtet. Etter det har Litleskare vore uavhengig representant, han har vore i Kystpartiet, i Demokratane, og no siste periode i Høgre.

– Eg har snart 40-årsjubileum som politikar, men er likevel motivert, understrekar han.

Lågast valdeltaking i Sagvåg: «Heimesitjarpartiet» vart igjen størst

Nordsjøen

Då Sunnhordland snakkar med 66-åringen sit han på Johan Sverdrup-plattforma i Nordsjøen. Han er utleigd frå Leirvik AS til Equinor, og er i commissioning-teamet som skal få plattforma i produksjon. Neste heimreise er på tysdag.

Saken fortsetter under annonsen.

– Men du følgjer vel med kva som skjer heime, der du sit?

– Hå-hå. Om eg følgjer med? Eg sit omtrent og trykkjer på oppdateringsknappen på tastaturet kvart minutt, for å sjå om det har skjedd noko nytt. Det er veldig spennande, det som skjer no, vedgår han.

Litleskare har eit stort håp om at Jakob Bjelland og Sp no ser mot dei borgarlege, når kursen skal stakast i Stord kommune dei neste fire åra. Dermed vil den gamle ringreven koma i posisjon igjen.

– Jakob har sete i koalisjon med dei borgarlege før, han - i Liv Kari Eskeland sin siste periode som Høgre-ordførar. Då fekk han erfart at det er mogeleg å skapa eit godt samarbeidsklima på den sida, og få til mykje bra.

Øyvind Kyvik: – Høgre skal ha nye samtalar med sentrum

På vippen

Sjølv representerte Litleskare Demokratane den gongen, og låg på vippen.

– Eg utgjorde mandatet som vippa det heile mot ein koalisjon beståande av Høgre, Sp, Demokratane og Venstre. Eg hugsar eg blei knegått av sosialistisk side, og blei tilbode både det eine og det andre. Men min lojalitet var vendt til borgarleg side, og eg hugsa Jakob takka meg for det den gongen.

– Så no er det tid for han å betala tilbake, er det dét du seier?

– Nei, nei. Ikkje noko payback. Men eg vil kanskje tru at den fine måten me jobba saman på den gongen framleis appelerer til han, seier Fredrik Litleskare.

– Men du - du går i fast rotasjon i Nordsjøen. Det blir mykje vara inn for deg då, i den komande perioden?

– No varer min faste rotasjon på Sverdrup berre fram til jul. Etter det veit eg ingenting.

– Tid for å pensjonera seg snart, kanskje?

– Altså, som 66-åring ser eg jo at pensjonisttilværet er eit spøkjelse som vaker i bakgrunnen. Men eg har for mykje energi til å berre sitja på ræva, så eg ser ikkje det heilt koma, ler Fredrik Litleskare.

Få med deg alt frå kommunevalet på Stord og Fitjar her!

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut