Vil byggja i massivt tre:

Slik blir nye Borggata Futurum

– Me må våga å ta litt plass. Ta ein tydelegare posisjon enn tilfellet er i dag, seier Åsa Eldøy.

AV Vidar Hope
Publisert
Oppdatert:

Den daglege leiaren i Borggata Futurum kan no visa fram nye teikningar av det som skal bli Stord Helsepark. Ei ny gate er under planlegging. Og hotellet på kaien er planlagt bygd i massivt tre.

– Me har eit klart mål om å gjera vår del for at regionsenteret vårt vert meir attraktivt for innbyggjarane i byen og for alle sunnhordlendingar, fortel dagleg leiar Åsa Eldøy i Borggata Futurum i ei pressemelding.

Byregionprogrammet (2015–2018) konkluderte med ein tydeleg visjon: Stord skal vera eit lokomotiv for vekst og utvikling i Sunnhordland. Ein visjon Borggata Futurum vil vera med å verkeleggjera, skriv Eldøy.

Og ho siktar spesielt til to område.

– Me ønskjer å revitalisera områda på kaien og i Borggata. Klarar me å skapa gode byrom vil det bli kjekkare å opphalda seg i sentrum, og det vil skapa meir aktivitet, skriv Eldøy.

Ser til Sandefjord

Borggata Futurum skriv at selskapet har opplevd mykje positivitet rundt planane som vart presentert i fjor. Dei siste månadane er det blitt jobba tett med arkitektkontoret MAD i Bergen for å finna eit uttrykk som vil gjera helseparken attraktiv.

– Det har vore viktig for oss å skapa noko nytt og spennande som passar inn i sentrum, men som ikkje nødvendigvis er bygd i betong eller tegl, skriv Eldøy.

Dominerer

For å skapa nivåforskjellar og ein mindre dominerande fasade er dei ulike etasjane «trappa inn» i forhold til dei første teikningane som vart presenterte.

– Me vil også nytta mykje glas for å skapa attraktive lokale på gateplan. Det vil bli eit nytt og lyst inngangsparti inn frå Borggata der ein får tilgang til vrimleareal og helserelaterte butikkar.

Eldøy skriv at Stord helsepark blir planlagt etter suksessen Sandefjord Helsepark, som Thore Liverød har stått i spissen for å få på plass.

Saken fortsetter under annonsen.

– Me har bygd Sandefjord helsepark etter same prinsipp som eit kjøpesenter, der me har samla ulike helsetilbod under eitt tak. Dette har medført at innbyggjarane har fått eit fantastisk tilbod på same stad, og dei tilsette eit stort fagmiljø. I Sandefjord har dette skapt stor trafikk i nærområdet. Dette får me til i Borggata og, seier Thore Liverød, éin av investorane i Borggata Futurum, i pressemeldinga.

Dei legg til at ikkje heile den eksisterande bygningsmassen vil bli del av Stord Helsepark.

– Me vil dela bygningsmassen i to oppe i gata. Difor vert det ei ny tverrgate mellom Borggata 9 og 11. Her ønskjer me å byggja eit gateløp ned mot hotellet og skapa ny kontakt mellom Borggata og sjøen. Borggata 11 vil tilby heilt nye og topp moderne næringsareal i sentrum, og vil få ein litt annan arkitektur enn helseparkbygget.

Vil i gang til hausten

Eigedomsselskapet er no komen så langt i planprosessen at det er tinga førehandskonferanse med kommunen både når det gjeld revitalisering av Borggata Futurum og regulering i samband med hotellet. Ønsket er å vera i gang med første byggetrinn, som er Stord Helsepark, allereie i haust.

Massivt tre

– Det er ikkje tvil om at det er store investeringar som skal gjerast. Men våre eigarar Kurt Arne Tyse og Thore Liverød har eit oppriktig ønskje om å styrka regionsenteret vårt, og gjennom attraktive etableringar leggja grunnlag for fleire lokale arbeidsplassar. Det gjer også at dette prosjektet er ekstra spennande å jobba med, skriv Eldøy.

Planlegginga av det nye hotellet skal også vera i gang.

– Slik det ser ut no så siktar me oss inn på ein bygningsmasse i massivt tre. På framsida ønskjer me å skapa ein promenade for allmenn bruk og med gode, romslege møteplassar. Og sjølvsagt med lett tilgang til hurtigbåtane gjennom terminal i enden av hotellet. Me vil byggja eit hotell som gjer sunnhordlendingane stolte og bergensarane misunnelege, men me vil jo gjerna ha dei på besøk, seier Eldøy.

Engasjert ordførar

– Når eg får presentert slike planar og visjonar, så gjer det det noko med meg som ordførar. Eg har eit sterkt ønskje om at me skal styrka oss som regionsenter slik Byregionprogrammet konkluderte med, og nettopp slike prosjekt kan utgjera ein skilnad for Stord. At det verkar å vera realisme og gjennomføringskraft i planane gjer det ekstra spennande, synes eg, seier ordførar Gaute Epland i pressemeldinga.

Han seier han er oppteken av å skapa attraktivitet og meir aktivitet i Leirvik sentrum.

– Det vert ofte fokusert på utfordringar i sentrum, men den nye helseparken og det planlagde hotellet viser samstundes eksempel på mange nye moglegheiter. Eg trur det er svært viktig å fokusera på positivitet og kva ein kan få til i heile sentrum dei kommande åra, uavhengig av kven som er initiativtakarar. Stordabuen er jo kjent for å få ting til. Difor trur eg me kan få ei spennande fornying av byen vår framover, seier Epland.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut