Valet:

Sp får flest mandat per stemme, Høgre og MDG færrast

Kommunestrukturen i landet gir distriktspartia Senterpartiet og Arbeidarpartiet langt fleire mandat per stemme enn Høgre og bypartia MDG, FNB, SV og Raudt.

AV NPK-NTB-Birgitte Iversen, NPK-NTB-Alexander Vestrum
Publisert
Oppdatert:

Ein analyse av kva for parti som stikk av med flest av dei 9.387 kommune- og bystyremandata i landet, viser at Senterpartiet og Arbeidarpartiet blir kraftig overkompenserte sett i forhold til talet på stemmer.

Sp fekk 14,4 prosent av stemmene, men partiet vil få heile 24,3 prosent av mandata, totalt 2.280. Ap, som fekk 24,8 prosent av stemmene, vil få 27,6 prosent av representantane.

I motsett ende sit Høgre igjen med berre 15,9 prosent av mandata, sjølv om partiet fekk 20,1 prosent av stemmene. Også partia som gjer det skarpt i byane, får prosentvis langt færre mandat enn talet på stemmer skal tilseia. Miljøpartiet Dei Grøne fekk 6,7 prosent av stemmene, men får berre 3,1 prosent av mandata. Dei andre typiske bypartia SV, Raudt og Folkeaksjonen nei til meir bompengar (FNB) får òg prosentvis langt færre mandat enn stemmer.

Mange kommunar

Årsaka er Norges rikhaldige kommunekart med totalt 356 kommunar etter kommunereforma.

– Alle kommunar skal ha kommunestyret sitt med minst elleve representantar. I sum blir det rett og slett mange fleire kommunestyrerepresentantar i dei mange små kommunane enn i dei store byane. Det forklarer kvifor Senterpartiet og Arbeidarpartiet får så høge mandattal, seier valforskar Johannes Bergh, som leiar Institutt for samfunnsforskning (ISF), til NTB.

– Det betyr at det står langt færre veljarar bak kvart mandat i kommunane i smådistrikta enn i til dømes Oslo, seier han.

Vekting av stemmer

Diskusjonen om distriktsstemme skal bli vekta meir enn bystemme, er gammal, men har mest relevans ved stortingsval, seier Bergh.

Fleire har opp gjennom åra tatt til orde for at det er urettferdig at ei stemme frå til dømes Finnmark skal telja langt meir enn ei stemme frå Oslo.

I dag blir talet på representantar per valkrets i stortingsvalet rekna både ut frå folketal og areal. Nokon meiner ordninga med arealpoeng for kvar 1,8 kvadratkilometer gir for god utteljing til distrikta.

Saken fortsetter under annonsen.

– Det er usemje om dette. Men eit argumentet for å behalda ordninga, er at distrikta treng ein viss representasjon i takt med at stadig fleire flyttar inn til dei store byane, seier Bergh.

Fleire mandat

Han peikar på at dei store byane vil få oppjustert representasjonen sin i takt med at folketalet aukar. Typiske byparti som kjem over sperregrensa, vil òg bli kompensert gjennom utjamningsmandat.

Bompengepartiet kan slite

Eit parti som Bompengepartiet, vil likevel bli kraftig underrepresentert på Stortinget om to år med valordninga i dag, gitt at dei får eit resultat i nærleiken av valet i år.

Partiet fekk ei oppslutning på 2,5 prosent på landsbasis, men i fleire av dei store byane gjorde partiet eit brakval med til dømes 16,9 prosent i Bergen, 9,3 prosent i Stavanger, 8,8 prosent i Tromsø og 5,9 prosent i Oslo. Kjem dei ikkje over sperregrensa på fire prosent nasjonalt, vil dei likevel ikkje få utjamningsmandat som kompensasjon for alle bystemmene.

– Grunnen til at ein har sett ei sperregrense på fire prosent, er at det skal vera mogleg å danna styringsdyktige fleirtal på Stortinget, seier Bergh.

Regjeringa har utnemnt eit nytt vallovutval som er i gang med å vurdera alle sider av valsystemet, mellom anna balansen mellom by- og distriktsstemmer. Utvalet skal levera innstillinga til våren.

Få full oversikt over valet på Stord og Fitjar her!

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut