F.v.Nyhende
Heidra laurdag kveld:

Sunnhordland fekk journalistprisen

Saka om Solid-ulukka fekk journalistprisen under Vinterkonferansen 2019.

AV
Publisert
Oppdatert:

Under Haugesund journalistlag si årlege samling fekk Sunnhordland journalistprisen. Prisen blei delt ut på Karmøy laurdag kveld.

Saka som vann prisen er saka om Solid-ulukka, ført i pennen av journalist Kjetil Østrem. 

31. mars 2018 var det 25 år sidan Jan Petter Thomassen (23) og Atle Ingebrigtsen (21) fall ned i heissjakta på danskeferja MS "Petter Wessel". Begge omkom av skadane. Dei var på veg til treningsleir med kameratane i IL Solid. Saka stod på trykk i magasinet Mitt Sunnhordland i fjor.

LES MAGASINET HER

– Journalisten har teke i bruk forteljartekniske grep som syg lesaren inn i denne vanvittige soga om den elleville kameratgjengen av glade fotballspelarar på veg til påskeferie og treningsleir i Danmark. Den oppstemte gutegjengen hadde så vidt starta på reisa sørvover, då ferda brått var  over; to kameratar styrta i avgrunnen og mista livet på meiningslaust vis. 25 år etter er hendinga i ferd med å verta gløymd hos mange, men på ingen måte hos dei som stod gutane nær. Journalisten tek oss med nært innpå dei etterlatne og nyttar framifrå regigrep som fortel vekselvis i fortid og i notid og i kontrastane mellom forventingsfull glede og svart sorg. Godt språk og spinning av nærast usynlege men likevel sterke og raude trådar gjennom forteljinga skapar ei sterk oppleving for lesaren. Årets prisvinnar bør snarast invitera alle kollegar i lokallaget til eit skilsetjande grunnkurs i journalistisk forteljarkunst, heiter det i juryens si grunngjeving.

Ansvarleg redaktør i Sunnhordland, Magne Kydland, var nøgd då han fekk høyra at avisa hadde henta heim prisen.

– Det var ein sterk reportasje, som det ligg utruleg mykje arbeid bak. Her kom ein tett innpå dei næraste, og reportasjen fekk fram mykje som ingen har snakka om etterpå. Reportasjen var skriven med respekt for alle involverte og eg er utruleg stolt og glad for at det blei sett pris på av juryen, seier Kydland.

Prisvinnaren sjølv har følgjande å seia om prisen;

– Eg er jo utruleg glad. Eg skulle jo innerst inne ønskt at dette ikkje var noko sak, og at Atle og Jan Petter framleis var blant oss, som dei to fantastiske gutane dei var. Men sånn er det diverre ikkje. Med stor audmjukheit har eg forsøkt å fortelja kva typar Atle og Jan Petter var, og korleis dei hadde det i dagane, timane og sekunda før dei fall ned i heissjakta og omkom – og ikkje minst korleis ulukka kunne skje. Eg vil takka Atle og Jan Petter sin næraste familie, vener, lagkameratar og trenarar. Utan deira bidrag, samtykke og vilje til samarbeid, hadde det vore umogeleg å skriva reportasjen.

Sunnhordland fekk også ei anna utmerking laurdag kveld. Fotograf Marius Knutsen fekk heiderleg omtale for sitt bilete av Nils Trygve Markhus og Karianne Solheim. Biletet pryda coveret av ei anna utgåve av magasinet Mitt Sunnhordland i fjor.

SJÅ COVERET HER

Prisen for levande bilete gjekk i år til Kvinnheringen, for si satsing med programserien "Camp Kvinnherad". 

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut