ULUKKENyhende
Kollisjon på Bømlo:

Syklist fekk skadar i ansiktet

Onsdag ettermiddag rykte politi og ambulanse ut til ein kollisjon mellom sykkel og bil.

AV Ingvild Siglen Berger
Publisert
Oppdatert:

Ulukka skjedde i Hollundsvegen mellom Svortland og Urangsvåg på Bømlo.

Politiet fekk melding klokka 15.24,

– Det som er meldt inn frå patruljen er at syklisten skal ha køyrd inn i ein bil bakfrå, seier operasjonsleiar Toralv Skårland i Sørvest politidistrikt til Sunnhordland.

Syklisten, som er ein mann i 40-åra, skal ha fått skadar i ansiktet og i ein skulder.

– Personen var bevisst heile tida og får vidare behandling på legevakta, seier operasjonsleiaren.

Det er ikkje meldt om trafikale problem på staden.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut