ULUKKENyhende
Politiet:

Syklist køyrd til sjukehus etter påkøyrsel

Skal vera vaken og bevisst.

AV Ingvild Siglen Berger
Publisert
Oppdatert:

Onsdag ettermiddag melde politiet i Sørvest på Twitter at ein syklist hadde vorte påkøyrd like ved Esso Svortland.

Ulukka skjedde rett etter klokka 17. Syklisten var vaken og bevisst då han vart frakta til Stord sjukehus.

– Bilisten, ein mann i 50-åra, har erkjent at han vart blenda av lav sol og har brote vikeplikta då han svinga til venstre og det kom ein syklist imot. Ingen av dei klarte å stansa, seier operasjonsleiar Olaug Bjørgen i Sørvest politidistrikt.

Ho fortel at politiet har teke førarkortet til bilisten i beslag.

Syklisten er ein mann i 30-åra, og han skal vera kraftig forslått. 

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut