Ordførar Gaute Epland vitna i trusselsak:

Uroa for å gå på Leirvik med familien

Fleire kommunetoppar på Stord har endra familielivet etter å ha fått truslar.

AV Olav Røli
Publisert
Oppdatert:

Onsdag møtte ein mann i 50-åra i Sunnhordland tingrett, tiltalt for i alt sju tilfelle av alvorlege truslar, to tilfelle av skremmande eller plagsam åtferd, eitt tilfelle av brot på besøksforbod, to tilfelle av truslar mot offentleg tenestemann, tre tilfelle av brot på politiloven gjennom å ikkje ha lydd politiet, og eitt tilfelle av å ikkje ha gjeve personalia til politiet når dei spurte.

Hendingane skal ha skjedd i tidsrommet frå oktober 2018, til august i år. Både ordførar Gaute Epland (Ap), kommunalsjef Lovise Vestbøstad, rådmann Magnus Mjør, leiar i Stord kommunalteknikk Roy Sverre Amundsen, avdelingsleiar Helena Schwartz, og fleire andre tilsette på kundetorget i Stord kommune, skal ha vorte utsett for truslane.

Bakgrunn: Skal ha trua ord­fø­rar og kom­mu­ne­til­set­te

Strid i lang tid

Mannen svara nei på alle spørsmåla om straffskuld då rettssaka starta onsdag morgon, men erkjende halvvegs skuld på punktet om personalia til politiet. Alle kommunetoppane vitna i retten, og tiltalte sin forsvarar, Christoffer Falkeid, fortalde at hans klient hadde hatt ein strid gåande med kommunen i lang tid.

Ordførar Gaute Epland fortalde at han, ved eit høve, hadde opplevd at tiltalte kom gåande mot kontoret hans. Og at tiltalte på utsida av kontorvindauga, tok opp fingeren, viste han, før han drog han over halsen.

– I starten var det berre ubehageleg, men då såg eg for første gong at han gav uttrykk for at han ynskte å ta livet av nokon, sa Epland om hendinga som skjedde i oktober 2018.

AKTOR

Uroa

I januar i år, medan Epland var på veg til fylkesordføraren sin nyttårstale, skal han ha fått ein telefon frå tiltalte. Dette er ikkje ein del av tiltalen, men gjorde noko med Epland.

– Då fekk eg beskjed om at eg, rådmannen, Vestbøstad og Amundsen måtte gå av. Og at om me ikkje gjorde det, så ville det få konsekvensar, fortalde Epland.

– Det hadde vore ubehageleg tidlegare, men då involverte det også familien min. Det gjekk frå å vera usikkert for min del, til å vera usikkert for dei også. Og eg bad om besøksforbod for dei. Etter dette har eg ikkje kunne gått på Leirvik med familien min utan å vera uroa, sa Epland, men la til at han personleg ikkje var uroa når han gjekk åleine.

Løgn

Tiltalte gjentok fleire gonger, etter at vitna hadde vore inne, at dei berre kom med løgn, at han ikkje på noko tidspunkt hadde vore trugande mot familien til kommunetoppane. Og at han aldri hadde vore valdeleg eller vore i stand til å utføra vald.

– Eg berre reiste handa mi for å helsa, sa tiltalte om den aktuelle episoden der ordføraren skal ha sett ei rørsle over strupen på utsida av kontorvindauga sitt.

I forklaringa til Epland sa han at tiltalte hadde skrive e-postar der han gav uttrykk for at han skulle stilla opp og «plaga» han på alle ordførar-arrangement i 10 år framover. Ved eit høve, i juni i år, skal tiltalte ha møtt opp då Epland hadde ordførar-benk på Amfi. Deretter skal han ha følgt etter Epland. Tiltalte nekta for dette, og meinte han berre skulle inn på Amfi i samband med eit ærend.

Skal ha trua ord­fø­rar og kom­mu­ne­til­set­te

– Då eg kom inn i senteret kom Epland gåande. Då stoppa han meg, og starta og snakka om saka, forklarte tiltalte.

– Kva skulle du på Amfi, ville aktor, politiadvokat Elin Kongestøl, vita?

– Eg hadde eit ærend på Clas Ohlson, svara tiltalte.

I samband med valkampen møtte også tiltalte opp på standen til Arbeidarpartiet. Då vart han vist vekk av politiet.

– Han har dukka opp på stand ganske ofte. Og det har vore ubehageleg, spesielt i lys av det han har sagt om å møta opp på politiske arrangement, sa Epland.

Absurd situasjon

Også kommunalsjef Lovise Vestbøstad vitna om truslane ho skal ha fått. Dei har ikkje vore direkte, men retta gjennom mellom andre kundetorget på Stord rådhus. Som då tiltalte sa god jul, og at dette «kom til å vera deira siste».

– Korleis har dei påverka deg, ville dommar Alexander Horn vita?

– Dei har definitivt påverka meg. Eg vil ikkje uttala meg om familien min, men det var ein absurd situasjon å forklara til familien at eg har vore truga på livet, sa Vestbøstad.

UBEHAGELEG

Saken fortsetter under annonsen.

Tok ordet

Leiar for Stord kommunalteknikk, Roy Sverre Amundsen, forklarte at tiltalte hadde tråkka på han gjennom å senda ei melding som omhandla ein påstand om eit nært familiemedlem som hadde døydd for kort tid sidan.

– Dette var nedverdigande, rett og slett. Og visar kva som bur i denne personen, sa Amundsen, som ikkje hadde noko ynskje om å utdjupa meldinga i retten eller til Sunnhordland.

Amundsen forklarte vidare at truslane har ført til at dei låser dørene heime, og at det yngste barnet hans vert køyrt overalt.

– Eg er robust sjølv, og det skal mykje til for at eg er redd. Men i denne situasjonen så er også familien involvert, og usikkerheita forfølgjer ein overalt, sa Amundsen.

Tiltalte på si side ville bryta inn fleire gonger under Amundsen si forklaring, og sa at han berre kom med løgn.

– Eg held meg berre til dommaren, sa Amundsen.

Dommar Alexander Horn måte fleire gonger be tiltalte retta spørsmåla sine gjennom forsvararen sin, og ikkje snakka direkte.

Les også: Truslar, hets og demokratiet

Belastning for rådhustilsette

Avdelingsleiar for fellestenestene i rådhuset, Helena Schwartz, forklarte at tiltalte gjennom lang tid hadde vore innom dei, noko som gjekk fint i starten. Men etter kvart vart besøka og telefonane så hyppige at dei starta å føra logg over kva som skjedde. Dei måtte mellom anna bemanna opp på kundetorget, og det vart også sett opp ein slags varslingsknapp som gjekk direkte til Schwartz kvar gong tiltalte kom.

– Dette vart ein stor belastning for mine tilsette, og dei var slitne av å svara på dei same spørsmåla igjen og igjen. Tiltalte kunne vera hissig og oppfarande, og gjekk rett inn til ordførar og rådmann. Han respekterte ikkje eit nei, og det vart utover hausten 2018 ein eskalering i intensitet, kroppsspråk og kor ofte han kom, forklarte ho.

Schwartz la til at ho skjønte at tiltalte kunne vera frustrert.

IRRITERANDE ELLER PLAGSAM

Lokka

Tiltalte meinte han nærmast hadde vorte lokka ut på glattisen av Stord kommune og politiet, berre for at dei skulle få noko på han. Ved eit høve, i januar i år, prata han i telefonen i over ein time med Schwarts. Då skal han ha sett fram truslar.

– Ho sa masse til meg for å få meg til og truga ho. For at eg skulle seia noko som gjorde at dei fekk besøksforbod, forklarte han.

– Kan du ha sagt det som står i tiltalen, spurte Kongestøl?

– Nei, svara tiltalte.

– Kva har du sagt då, spurte ho vidare?

– Snakka om saka mi, og eg skjønte at ho ville få meg til å seia noko som kunne føra til besøksforbod, forklarte tiltalte vidare.

– Forstår du at dette kan ha vore oppfatta som truande, spurte aktor?

– Det var ho som sa dette for å få meg til og komma med truslar, svara tiltalte.

Falkeid, forsvarar for tiltalte, meiner rettssaka dreier seg om tiltalte berre har vore irriterande og plagsam, eller om han har gått over grensa til skremmande åtferd.

Saka held fram torsdag. Då med dokumentasjon og prosedyrar. Totalt 11 personar står på vitnelista.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut