Til gardsNyhende
Kjem på skjermen i haust:

Vivian (47) er med i «Farmen» på TV 2

Om dryge to veker skal 14 deltakarar kjempa for tilværet. Éin av dei kjem frå Bømlo.

AV Vidar Hope
Publisert
Oppdatert:

«Farmen» reiser tilbake til 1919 og garden Lundereid, som ligg to mil utanfor Kragerø i Telemark.

Til dagleg er Vivian Kvarven driftsansvarleg for oppdrettsanlegg. I presentasjonen til haustens sesong seier ho at ho har sett alle sesongene av «Farmen», likar å ha full oversikt, og har lite til overs for rot og treige folk.

– Eg kjem til å leggja meg opp i ganske mykje. Eg likar å ha kontroll på ting og tang, seier ho på TV 2 sine nettsider.

– Eg klarer å innordna meg etter alle type menneske, men eg kjem til å irritera meg og gi beskjed, det trur eg nok, legg ho til.

Medan dei andre deltakarane kjem til å sakna familien mest, har Vivian Kvarven eit litt anna syn på det.

– Eg har sagt til familien at viss det skjer noko med dei, så får eg vita det. Eg har store, sjølvstendige born. Det eg kjem til å tenkja mest på er alle fiskane mine på oppdrettsanlegget.

– Eg har éin million laks som held på å bli store, og dei er babyane mine. Sorry, familie! Neida … dei veit om det, seier ho til TV 2.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut