Stord-Bryne 1-1:

Dale Lekven sikra sterkt Stord-poeng

Med 1-1 på heimebane vart Stord berre det andre laget som har makta å ta poeng frå Bryne denne sesongen.

AV Eirik Strømme Spjeld
Publisert
Oppdatert:

Før kampen stod Bryne med 13 sigrar og berre éin uavgjort, og gjestene var nøydd å innfinna seg med favorittstempelet før dommaren blåste i gang på kunstgraset på Vikahaugane.

Ute på banen var det likevel minimal skilnad på laga, og etter ein jamn førsteomgang var det berre rett og rimeleg at Sanne Bolette Dale Lekven kjapt hadde kvittert ut bortelaget sitt leiarmål. 

Tett og jamt

Utover andreomgangen stod kampen og vippa, og Stord var mellom anna svært nære på eit frispark frå Kristine Lygre. Heilt mot slutten festa likevel Bryne eit grep om ting, og dei siste sju-åtte minutta handla det meste om å stå imot for Stord sin del. Særskilt på overtid vart det kritisk framfor Emma Jönsson i Stord-buret, men ein trippelsjanse i kampens aller siste sekundar enda til slutt med at ballen gjekk utanfor målet og til utspel. 

Etter ein blytung kamp mot Staal Jørpeland førre helg, var det ein godt nøgd Øyvind Mellemstrand som kunne summera opp etter eit sterkt uavgjortresultat mot serieleiaren.

Anker

Les også: Stord reiste seg

Nøgde med eitt poeng

– Me spelar ein bra kamp i dag. Me skaper ein del offensivt, og samstundes er me nokså solide defensivt. Med litt betre presisjon i sistefasen kunne me også skapt endå meir. Bryne er eit svært godt lag, som me gir god kamp, seier Mellemstrand og seier seg nøgd med eitt poeng.

– Det var viktig at me fekk mål så kjapt etter at dei tok leiinga, 1-1 til pause gav oss større tru, legg han til.     

For Stord er ein kamp mot ein så sterk motstandar som Bryne ein fin referanse ifølgje trenaren. 

Jobbing

Jobbar for å få opp gjennomsnittsalderen

– Det er dette nivået me søkjer etter, og langsiktig har me eit mål om førsteplassen i 2. divisjon. Om ein ser på laga i dag, så har Bryne ein gjennomsnittsalder på 24-25 år, medan vår er 17,5, så noko av det som det handlar om er å få opp gjennomsnittsalderen, forklarer Mellemstrand.

Han har allereie konkrete planar som er iverksett for å få dette til, blant anna må klubben avfinna seg med at spelarar reiser vekk for å studera.

– Me har i dag fire spelarar som bur i Bergen og spelar for oss, medan dei trenar med lag i Bergen, og desse spelarane ynskjer me med oss også neste år. I tillegg er det viktig at me har dialog med andre spelarar frå Stord som me veit kan komma tilbake etter endt utdanning, på denne måten kan me lukkast med å få opp gjennomsnittsalderen og ta nye steg, sluttar ein optimistisk Øyvind Mellemstrand, trenaren som har gjort ein botnsolid jobb med damefotballen i Stord dei siste åra. 

Stord-Bryne 1-1

Vikahaugane kunstgras, søndag 
Seriekamp 2. divisjon damer 
Tilskodarar: 89

36. min 0-1 Mari Botne
40. min. 1-1 Sanne Bolette Dale Lekven


Stord: Emma Jönsson, Ida Waage, Marie Kalve Lindgård, Thea Notland(Guro Hinderaker Pedersen frå 70.), Kristine Lygre, Nina Vestbøstad(Johanna Litlabø Eikenes frå 76.), Martine Mellemstrand(Hanna Mehammer frå 79.), Synne Eide Bjørnebøle, Vilde Folgerø(Synne Leitet frå 86.), Sanne Bolette Dale Lekven, Hannah Stenersen. 
 

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut