Til StordSport
27-åringen startar 1. juni:

Danske Morten er ny Stord-trenar

Har skrive toårskontrakt med Stord handball.

AV Vidar Hope
Publisert
Oppdatert:

Morten Moldrup (27) frå Hørup ved Sønderborg skal leia Stord dei neste to åra. Dansken får også ansvaret for rekruttlaget i 4. divisjon og to av ungdomslaga.

– Det er med stor glede Stord handball kan presentera Morten Moldrup som ny fulltidstilsett trenarressurs i klubben, skriv Bjarte Epland, sportsleg leiar i Stord handball, i ei pressemelding.

– Moldrup har som trenar god erfaring med spelarutvikling i ungdomslag og er såleis ein svært god match til Stord handball sin strategi om å byggja klubben frå ungdomslaga og oppover, skriv Epland.

Han tek over damelaget

Dansken får ansvar for å gjennomføra klubben sin sportsplan i praksis ned i ungdomsavdelinga, og vera klubben sin samlande trenarressurs på tvers av alle lag, står det i meldinga.

Moldrup startar i stillinga 1. juni og har skrive ein toårskontrakt.

For eit par veker sidan blei det klart at Niklas Fjellet skal trena kvinnelaget til Stord. Han tek over etter Bjarte Epland.

Les også

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut