Vann prisSport
I fotspora til store stjerner:

Einar Iversen kåra til årets akademispelar i Everton

Stordabu går i fotspora til Premier League-stjerner.

AV Kjetil Østrem
Publisert
Oppdatert:

17 år gamle Einar Iversen blei torsdag kveld åra til årets beste akademispelar i Premier League-klubben Everton. Iversen, som er klubben sin U18-kaptein, går dermed i fotspora til Tom Davies og Ross Barkley, som tidlegare har vunne prisen.

Davies (20) er framleis Everton-spelar, og har til og med figurert som kaptein på førstelaget fleire gonger. Barkley (25) er engelsk A-landslagsspelar, og spelar i dag for Chelsea, som torsdag kveld blei klare for finalen i Europaligaen.

Les også: Ein Einar på banen

Høg klasse

Everton beskriv Iversen som ein midtbanespelar av høg klasse, med energi og autoritet i spelet sitt. Stordabuen har imponert stort på U18-laget, som denne sesongen kom på tredjeplass i U18 Premier League, avdeling nord. Han har i tillegg debutert på Everton sitt U23-lag, og også fått sin første kamp for Noreg sitt U21-landslag - alt før fylte 18 år.

– Dette betyr veldig mykje for meg. Det er berre til å sjå på dei spelarane som har vunne prisen før meg. Berre det er inspirerande i seg sjølv, seier Iversen til klubben sine heimesider.

– Godt år

Og han held fram:

– Dette har vore eit godt år for meg. Eg blei utnemnd til kaptein, som kom noko overraskande på meg. Men eg føler at eg har utvikla meg som leiar i løpet av sesongen.

Iversen skryt også av trenarane sine.

– Trenarteamet har vore fantastiske, lidenskaplege og fokuserte. Eg har vore i Everton i to år no, og det har vore dei to beste åra i livet mitt. No gler eg meg til det som skal koma, seier Iversen.

Les også: Einar (17) debuterte for U23-laget til Everton

– Profesjonell

Sunnhordland var på besøk hos Iversen i Liverpool før jul. Der møtte me også U18-trenar Paul Tait, som var full av lovord om sin norske spelar.

– Einar har vist fantastiske haldningar sidan han kom til Everton. Han er fokusert, dedikert, og han har framstått som hundre prosent profesjonell heilt sidan han kom inn dørene hos oss. Han ønskjer verkeleg å læra, og bli betre. Og han lærer fort. Så me visste frå første dag at Einar var ein spelar me kunne jobba med. Desse eigenskapane, i ein så tidleg alder, gjev deg eit fantastisk utgangspunkt. Me skulle gjerne ha sett at me hadde fleire unge spelarar med Einar sine eigenskaper i systemet vårt, sa Tait.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut