Prestegardsskogen:

Førebur seg på ny skisesong

Jonas Viste, Erwin Skorpen Wilhelmsen og Othilde Hakestad gler seg til snøen kjem.

AV Pål Solli Paulsen
Publisert

I helga var det full rulle i rulle-skiløypa i Prestegardsskogen, då det vart arrangert krinssamling for langrennsløparar fødde frå 2004 til 2007. Dette er eit samarbeid mellom Hordaland skikrins og Stord Idrettslag, og det er fjerde gongen denne samlinga blir gjennomført. I år var det totalt 40 påmelde, der fleire unge lovande skiløparar frå Hordaland er samla til både harde treningsøkter, men også sosialt samvær.

Fredagskvelden starta med styrkjetrening, før det laurdag morgon var duka for ei kombiøkt. På programmet stod det først klassisk rulleskigåing opp til fjells, med fokus på teknikk. Deretter venta trappeløp opp sherpatrappene i Fossabrekko. Seinare var det klart for teknisk skøyteøkt. Søndag morgon var det igjen ei ny skøyteøkt på rulleski. Før det heile vart avslutta med eit rulleskirenn. Samlinga har også sett opp felles måltid og sosiale aktivitetar i mellom alle øktene, og dei unge får sjansen til å bli kjende med andre ungdomar frå andre idrettslag i regionen.

Ikkje alltid snø

Styremedlem i skigruppa i Stord IL, Øyvind Gaute Berg, meiner dette arrangementet bidrar til å styrke samhaldet på tvers av idrettslaga i regionen.

– Det er eit trongt nålauga for dei unge å nå opp til junior-klassane. Difor er miljøet og samhaldet viktig for at dei skal lukkast i framtida, seier Berg.

Blant dei unge lokale som var til stades denne helga, var Jonas Viste, Erwin Skorpen Wilhelmsen og Othilde Hakestad frå Stord. Alle er einige om kva dei synest om å gå på ski.

– Det er veldig gøy! seier dei samstemte.

Dei har alle hatt skigåing som interesse sidan de var små, og synest det å sjå ski på TV er til stor glede. Men foreldra er naturleg nok også sterke støttespelarar og viktige for motivasjonen. Førebileta deira er Johannes Klæbo og Therese Johaug. Alle synest det er kjipt når det ikkje er noko garanti for at det blir snø her på Stord om vinteren, men det finst alltid alternativ. Fleire av dei reiser til Voss for å stå på ski, medan Othilde ofte reiser til besteforeldra sine i Trøndelag kvar vinter/påske, der snø som oftast heller ikkje er mangelvare.

Om øvingane på samlinga synest Othilde øktene har vore veldig gøy.

– Nokre øvingar kunne verka kjedelege, men dei har blitt gjort på ein måte som gjorde det kjekt, seier ho.

Saken fortsetter under annonsen.

Framtidshåp

God rekruttering

Jonas og Erwin på si side synest rulleskigåinga er gøy, men at overgangen frå vanleg skigåing kan vera krevjande.

– Det er vanskeleg i starten, men det går seg til etter kvart. Ein må også vera meir forsiktig for å ikkje falla på den harde asfalten, seier dei.

Alle er også einige om at rulle- skigåinga er vel så kjekt som den vanlege skigåinga. Sjølv om det er skigåinga på snø som er det dei trenar mot.

På samlinga er det også representantar frå Hordaland skikrins, og blant dei er Sondre Bergan. Han er veldig nøgd med arrangementet, og synest dei er ein flott gjeng. Han meiner at snøforholda har betra seg lokalt dei siste åra, og gjort det enklare for rekrutteringa i regionen. Han legg også til at på denne samlinga får dei unge skiløparane frå ulike skigrupper høve til å utvikla seg, og samtidig komma seg i eit miljø og stifta vennskap.

Dette er også noko Othilde fekk oppleva på treningssamlinga. Her har ho møtt fleire som ho ikkje kjente frå før.

– Eg synest det er kjekt å møta nye folk, og eg kjem godt overeins med dei andre, seier ho.

Saman med Jonas og Erwin, anbefaler Othilde fleire på same alder til å byrje med skigåing. Mest på grunn av den allsidige treninga, men også på grunn av at ein kan delta på slike arrangement som dette, der også den sosiale delen er viktig.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut