Hafo innleiar superhelg i Fitjar

Turmarsj, motbakkeløp, orientering og grilling står på programmet. Moroa starta likevel med Hafo for rundt nitti elevar i Fitjar kultur- og idrettsbygg fredag ettermiddag.

AV Jarle Kaldråstøyl
Publisert
Oppdatert:

– Dette vert skikkeleg spennande, seier Elise de fine Olsen frå klasse 8 A ved Rimbareid skule.

– Me er 21 elevar i klassen. Dei fleste trekte seg og ville ikkje vera med, men heldigvis er me åtte som stiller opp. Første kampen er mot erkerival 8 B. Det blir også opningskampen i turneringa, fortel Elise som fekk roa nervane då lagvenninne, Elisabeth Rydland Sæbø, skåra første målet og sende 8 A i føringa tidleg i dette prestisjeoppgjeret.

Hafo for sjette året på rad

Hafo er godt innarbeidd på Vikahaugane på Stord. I Fitjar starta denne aktiviteten som omfattar ein omgang fotball og ein omgang handball, i 2014.

– I alle høve er dei første notata frå 2014, fortel Charlotte Levåg. Ho har vore i arrangementskomiteen i alle seks Hafo-tilstellingane som har vore til no.

– Me legg opp til ti minuttars omgangar med to minuttar pause mellom. Heile turneringa omfattar 26 kampar. Vanlegvis gjer me oss ferdige i løpet av laurdagen, men ettersom det er storarrangement i Fitjar-fjellet denne dagen så ventar me med siste del av Hafo-turneringa til søndagen, seier Levåg som sjølv stilte som dommar i opningskampen denne fredagskvelden.

jarle@sunnhordland.no,

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut