Stordløpet:

Held framleis koken

Stordløpet har halde ut i over 40 år, og er framleis populært.

AV Steinar Saghaug Halland
Publisert
Oppdatert:

Det var stor aktivitet ved Stord stadion søndag, då det 42. Stordløpet gjekk av stabelen. 208 løparar deltok i det årvisse arrangementet, som første gong vart arrangert i 1978. Dei fordelte seg med 60 i turklassen utan tidtaking, 60 i barneløpet og 88 i mosjonsklassen med tidtaking. I turklassen kunne ein velja mellom 6, 8 og 12 kilometer gjennom Landåsen. I mosjonsklassen stod valet mellom 6 og 12 kilometer gjennom Landåsen. Medan barna kunne velja mellom 400 og 800 meter rundt stadion.

– Dette er mykje betre og kjekkare, enn å sitja inne og spela Playstation, sa mangeårig speaker og leiar i Stord friidrett, Runar Øvrebø, til dei mange frammøtte før barneløpet.

Vart intervjua

Idrettsglede

Det var stor idrettsglede både blant store og små. Blant dei 60 løparane i barneløpet kunne ein finna Lyder Andre Myhre Hope (7) og venninna Jessie Ledder (7).

– Det var slitsamt, utbryt guten frå Litlabø like etter løpet.

– Men det var veldig gøy, er dei begge samde i.

– Vil de delta igjen neste år då?

Saken fortsetter under annonsen.

Startfeltet

– Ja, svara Lyder Andre entusiastisk, som deltok for tredje gong i år.

– Nei, svara Jessie, som deltok for første gong.

– No vil eg i kiosken, seier Lyder Andre plutseleg. Dei var begge to travelt opptatt med både medaljeutdeling, intervju med speakeren og kioskhandel etter løpet.

Sprang mot dei vaksne

Familiane Myhre Hope og Ledder var to av mange familiar og vener som hadde teke turen til det flotte arrangementet på Vikahaugane.

Born fødde i 2008, eller etter det, kunne delta i barneløpet. Men ei sprek jente, som vart født i 2010, sprang mot dei vaksne i mosjonsklassen. Søstera til Lyder Andre, Eira Olava Myhre Hope (9), deltok som ein av dei yngste løparane i mosjonsklassen. Ho deltok for første gong i mosjonsklassen.

– Eg vil springa Markjamilo neste år, sa ei som gledde seg til start.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut