Her gjer Henriette (36) frå Stord narr av Petter Northug

Langrennslegenda frå Mosvik blei knust i 90-graderen - av ei sprek trebarnsmamma frå Stord.

AV Kjetil Østrem
Publisert
Oppdatert:

– Eg måtte jo fullføra det eg var komen opp på scenen for å gjera. Det var ingen veg tilbake, ler Henriette Matre Hagenes.

Jentetur

36-åringen var i helga på jentetur til Oslo for å delta på KK-mila, saman med mamma Åshild Nilsen Matre, tante Anne Karin Nilsen og søskjenbarna Silje og Ingrid Fjøsne. Før løpet er det alltid eit sceneshow framføre tusenvis av deltakarar. Før ho visste ordet av det stod Henriette midt i sentrum av showet, som blei leia av Vegard Harm og Morten Hegseth - blant anna kjende frå «Panelet» på VGTV.

– Harm og Hegseth ville at ei frå publikum skulle opp på scena for å konkurrera mot Northug i 90-graderen, og før eg visste ordet av det blei eg bokstaveleg tala skubba i ryggen, og opp på scena, av søskjenbarnet mitt, Silje Fjøsne.

Familie på tur

På strak arm

90-graderen er ei statisk styrkjeøving, der ein skal stå i 90-grader kneståande, anten inntil ein vegg - eller som i dette tilfellet - rygg mot rygg med den pensjonerte skihelten.

– Då eg brått stod der på scenen tok eg utfordringa på strak arm.

– Og kven var sterkast?

– Det var meg, det, ler Hagenes - som til dagleg jobbar som advokatsekretær ved Advokatkontoret Sunnhordland på Leirvik.

Les også: 14-åringar klare for halvmaraton. 

Videobevis

Videobeviset ligg blant anna ute på Northug sin eigen Facebook-vegg.

Saken fortsetter under annonsen.

– Eg visste at eg var dårleg i 90-graderen. Men ikkje at eg var SÅ dårleg, seier han inn i kamera - sveitt i panna, etter å ha blitt grisebanka i duellen.

Videoen viser også at Harm og Hegseth spør Northug om korleis det går med han for tida.

– No har eg bikka 90 kilo, så dessverre så går det éin veg, høyrer me skihelten svara.

Northug har uansett sine merittar. Men han visste truleg ikkje kva for motstandar han stod overfor i 36-åringen frå Stord. I fjor sommar deltok Hagenes blant anna i hinderløypa «The Beast», saman med ektemannen Joakim, og barna Vetle, Maia og Ola.

90 grader

– Sprang for Prosecco

Henriette Matre Hagenes, og resten av reisefølgjet hennar, var i år med på KK-mila for tredje året på rad. I år sprang dei fem kilometer.

– Det var ikkje rare distansen. Me sprang for Prosecco, me, ler ho - og henviser til den musserande, italienske vinen.

– Uansett - det er sterkt å slå Northug?

– Eg sa til meg sjølv at om eg ikkje orka å springa éin meter etterpå, så skulle eg i alle fall vinna konkurransen oppe på scenen, seier Henriette Matre Hagenes.

Berre for ordens skuld: Petter Northug (33) er kanskje verdas største langrennsløpar gjennom tidene. På merittlista har han blant anna 13 gull i VM og to individuelle gull i OL, og med 20 VM- og OL-medaljar totalt. Han har også rekorden for flest etappesigrar (13) i Tour de Ski. Mosvik-ekspressen la opp som skiløpar i desember 2018, men har framleis ein enorm publikumstekke og popularitet.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut