I ruteSport
Bordtennis:

I form før EM

Tommy Urhaug leverte strålande resultat i Czech Para Open

AV Magne Kydland
Publisert
Oppdatert:

Denne helga har paralandslaget i bordtennis vore i Ostrava i Tsjekkia.

Fredag blei det spelt innleiande kampar i singleklassene, og Tommy Urhaug frå Stord BTK gjekk vidare til sluttspelet som puljevinnar.

– I sluttspelet på laurdag, vant Tommy 3–0 i kvartfinalen, motstandar var Caliskan frå Tyrkia. I semifinalen møtte han Palikuca frå Serbia, og vann 3–1. Finalen blei ein svært spennande kamp mot Cheng frå Taipei. Tommy drog til slutt sigeren i hamn med 11–9 i avgjerande sett, og blei med det vinnar av Czech Para Open 2019. Sterk prestasjonar av Tommy, og god førebuing til sesongens høgdepunkt, EM som startar i Helsingborg, Sverige, om ein veke, skriv landslagskoordinator i Norges Bordtennisforbund, Anne Wiik Nilsen, i ein e-post til Sunnhordland.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut