VM-klarSport

Kårbø klar for VM

– Kanskje er dette det største som er oppnådd av ein lokal friidrettsutøvar, seier ein stolt Nils Hetleflåt. Fredag kveld smadra Tom Erling Kårbø sin personlege rekord og innfridde VM-Kravet.

AV Jarle Kaldråstøyl
Publisert
Oppdatert:

I det som vert kalla europeisk stemneserie som gjekk av stabelen i Adjujar i Spania fredag kveld spurta Stord-løparen inn til råsterke 8.27.67 på favorittdistansen 3000 m hinder. Dermed sneik han seg også inn under VM-kravet. Tom Erling Kårbø sin tidlegare personlege rekord var på 8.29.41.

– Fantastisk. Dette var fortent, seier Hetleflåt som har vore klubbtrenar for Årbø i ei årrekkje.

– Stord IL friidrett har aldri tidlegare hatt ein VM-deltakar på bane. Eg trur Oddmund Roalkvam representerte Stord IL då han sprang VM terrengløp. Me hugsar også Lars Ove Strømø som sprang OL i Seoul i 1988, men då representerte han ikkje Stord. Dette er Stord, seier den elles så sindige Hetleflåt.

Dermed kan Tom Erling Kårbø pakka kofferten og gjera seg klar for VM som går av stabelen i Doha i Qatar frå 27. september.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut