I FORMSport
Sesongbeste heldt ikkje:

Kårbø klarte ikkje VM-kravet

Tom Erling Kårbø (30) kan likevel få ein ny mogelegheit allereie fredag.

AV Marius Knutsen
Publisert
Oppdatert:

Bømlingen, som spring for Stord IL, sprang inn til sesongbeste i Zagreb tysdag kveld. Men tida 8.29.57 var ikkje nok til å klara VM-kravet som er på 8.29.00, på 3000m hinder.

Tom Erling Kårbø har stått på ventelista for å komma med på stemnet i Zagreb. Etter nokre forfall, fekk han sjansen til til å prøva å komma under VM-kravet på 8.29.00.

Tysdagens stemne i Zagreb var ein gyllen mogelegheit til å klara VM-kravet. Sju av dei 16 startande i finaleheatet hadde nemleg sprunge under 8.29.00 i år.

VM går av stabelen i Doha, i Qatar, frå 28. september til 6. oktober. Kårbø har tidlegare delteke i tre EM, men han har aldri klart å kvalifisera seg til VM.

– Eg har sjølvsagt utruleg lyst til å delta i VM i Doha. Det er dei store internasjonale meisterskapane som motiverer meg mest, uttalte bømlingen til Haugesunds Avis, før tysdagens løp i Zagreb.

30-åringen sin personlege rekord er på 8.29.41 på 3000m hinder. Tida 8.29.57 er det raskaste han har sprunge til no i år.

– Formen er bra, og eg meiner eg har ein god sjane til å springa under 8.29.00 for første gong, sa Kårbø til Haugesunds Avis før løpet.

Ifølgje avisa blir den norske VM-troppen teke ut på søndag denne veka.

Kårbø har likevel ein sjanse til å klara VM-kravet. Fredag er han påmeld i Andujar i Spania. Spring han under 8.29.00 der, er han kvalifisert til VM i Doha.

Kanadiske Matthew Hughes blei vinnaren i Zagreb med tida 8.23.42. Kårbø enda på 7.-plass.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut