Skal utSport
Stord går breitt ut i trenarjakta:

– Må brenna for å utvikla unge, lokale spelarar

Jon Pall Palmason har gjort det klart at han ikkje går på ein ny sesong på Vikahaugane.

AV Jarle Kaldråstøyl
Publisert

Leiar Skjalg Myklebust i Stord Fotball opplyser at klubben alt er i gang med å blinka ut kandidatar.

– I utgangspunktet går me breitt ut for å kartleggja, seier Myklebust.

– Vil det seia at det helst søkjer kandidatar som i dag ikkje er i klubben?

– Me har vel ikkje sett noko grense. Når det er sagt så går me ikkje til Aust-Europa for å seia det på den måten. Viktig for oss er å finna ein kvalifisert person som kan jobba både med A-laget og talentskulen. Dette er elles ein prosess som sportsleg leiar Trond Lekve vil jobba mest med framover, ifølgje Myklebust.

Lekve seier at han vil bruka tid på å finna den rette.

– Trass i at det berre er ei vekes tid sidan Palmason gjorde kjent at han ikkje tek ein ny sesong på Vikahaugane så har det meldt seg kandidatar som er interesserte i jobben, opplyser Lekve.

Palmason ferdig som Stord-trenar

– Me er ute etter ein trenar som brenn for å utvikla unge, lokale spelarar og elles ha ein fotballfilosofi som passar klubben. Målsetjinga i første omgang er å etablera oss i toppen av 3. divisjon. For å ta steget opp treng me å betra ikkje berre sportsleg, men også som organisasjon og ikkje minst økonomisk. Til det treng me tid, seier Lekve som også har ambisjonar om å styrkja spelarstallen for neste sesong.

– Helst vil me konsentrera oss om spelarar med lokal tilknyting. Det betyr ikkje nødvendigvis spelarar som er i lokalfotballen i dag, poengterer Lekve.

Han har ikkje gjeve opp å få med Viktor Segatta også kommande sesong.

– Me er i dialog og jobbar med saka. Utover det kan eg ikkje seia noko, seier Trond Lekve.

Les også

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut