Stord-spelaren ventar på operasjon:

Malvin (20) punkterte lunga for andre gong

Medan lagkameratane slåst for poeng, ligg Stord-spelar Malvin Ingebrigtsen (20) på sjukehus på 13. dagen med punktert lunge.

AV Kjetil Østrem
Publisert
Oppdatert:

– Den høgre lunga er flat. Eg ligg i ei seng på hjarteavdelinga på Haukeland universitetssjukehus, kopla til ein maskin som hjelper meg å pusta, fortel uheldige Malvin Ingebrigtsen til Sunnhordland.

Sjølv om han aller helst skulle ha vore ute på banen, og slåst for klubben sin i sesonginnspurten, må han smørja seg med tolmod. 20-åringen fekk først signal om at legane ville operera lunga hans tysdag. Men på morgonkvisten kom kontrameldinga.

– No ser det ut til å bli operasjon onsdag. Mykje venting, og fram og tilbake, men eg held motet oppe, seier 20-åringen, som er ein av bærebjelkane på Stord sitt a-lag.

– Sinnssjukt vondt

Det var torsdag for snart to veker sidan at lunga til Ingebrigtsen punkterte – midt i ein undervisningstime på Høgskulen på Vestlandet på Stord, der fotballtalentet går på idrettsfag.

– Eg fekk sinnssjukt vondt i brystet, og fekk vanskar med å pusta. Eg sa til Håvard Handeland, som sat på sida av meg, at eg trudde at lunga var punktert.

Ingebrigtsen visste kva han snakka om. Han har nemleg opplevd nett det same ein gong før.

– Det er tre år sidan lunga punkterte første gongen. Her om dagen fekk eg faktisk opp eit minne på Snapchat, som viste at eg låg på sjukehus på akkurat same tid i 2016.

Den gongen var han på familieferie i Praha då det skjedde. Han hadde drive litt boksetrening ein dag i førevegen, og trudde smertene berre var gangsperr.

– Difor sette eg meg på flyet og flaug heim, med flat lunge – noko som ifølgje legane skal vera livsfarleg, fortel han.

Medfødt tilstand

Ingebrigtsen er blitt fortalt på sjukehuset at det er ein medfødt tilstand som fører til lungekollapsen.

– Då det skjedde sist fekk eg beskjed om at det høgst truleg kom til å skje igjen. Eg har klart å stengja det ute, men det var surt då det skjedde no, ettersom store deler av sesongen går i vasken for min del. I 2016 mista eg halve sesongen, etter 17 dagar på sjukehus.

Saken fortsetter under annonsen.

Blir frisk

Sjukehusopphaldet blir endå lenger denne gongen. Men Ingebrigtsen trøystar seg med at operasjonen på Haukeland skal gjera han heilt frisk.

– Rutinen er at legane ikkje opererer denne tilstanden før pasienten har hatt lungekollaps 3–4 gonger. Men eg har fått beskjed om at dei vil operera meg, sett i lys av at eg er idrettsutøvar, og ikkje minst på bakgrunn av dei to lange sjukehusopphalda mine, der dei ikkje har klart å få orden på lunga mi, forklarar 20-åringen.

Eit dren i brystkassen, som koplar han til pustemaskinen, gjer at han heller ikkje kan få permisjon frå sjukehuset.

– Eg koplar meg frå når eg skal henta meg mat. Men det går ikkje meir enn eit kvarter før eg kjenner at eg må ha luft frå maskinen.

God

Fotballmaraton

– Korleis får du tida til å gå på sjukehuset?

– Kjærasten min, vener og familie er flinke til å koma på besøk. Elles så blir det mykje fotball på tv. I helga låg eg og såg heile dagen, frå tidleg føremiddag til sein kveld. Eg trur aldri eg har sett så mykje fotball i mitt liv i løpet av ei helg, ler 20-åringen. Denne veka er det landskamppause, og dermed ingen klubbkampar.

– Det blir heilt klart ei utfordring. Eg reknar med at det blir nokre timar med FIFA.

Ukjent årsak

Ingebrigtsen sin tilstand heiter pneumothorax. Høge og tynne menn i alderen 20–40 år er mest utsette, ifølgje lege og lungespesialist Odd-Magne Fjeldstad. Til ABC Nyheter fortel Fjeldstad at legane ikkje heilt kvifor tilstanden oppstår.

– Det er teoriar som går på at lange, slanke lunger er meir utsette, grunna trykkskilnadene i og rundt lungene.

Statistisk så blir om lag 10 per 100.000 nordmenn råka av pneumothorax. Det er vanleg at pasientar opplever at tilstanden kjem tilbake, ifølgje Norsk Helseinformatikk.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut