Talentfull ryttar:

Mia (15) imponerte under Landsstemne

Mia Solemdal Djuve markerte seg sterkt under Landsstemnet i sprangriding på Tyse i helga.

AV Eirik Strømme Spjeld
Publisert
Oppdatert:

15-åringen opna på best mogeleg vis i stemnet som gjekk frå fredag til og med søndag. Under tevlinga første dag gjekk ho rett til topps med ponnien Dio i klasse lett A.

– Det var veldig gøy. Det er små marginar, og det er ikkje meir enn éin bom som skal detta ned før ein ryk langt nedover resultatlistene, fortel Djuve.

Laurdag vart det også ein fin 5. plass for Djuve, som er relativt fersk hesteeigar, i Top Spec Cup.

– Eg har drive på ei stund, men eg fekk ikkje eigen hest før for om lag halvanna år sidan, seier den talentfulle ryttaren.

I sprangriding er det slik at ryttarane rir ponniar fram til dei er 16 år, før dei går over på større hestar. Dette kan føra til visse emosjonelle problemstillingar.

– Eg vil jo ha ein stor hest å ri på då, men samstundes vil eg ikkje selja den eg har. Ein vert jo veldig glad i hesten sin, konstaterer Mia Solemdal Djuve, eitt av framtidshåpa i hestesportlaget på Tyse.

Luftige svev

Mia sin inntreden i hestemiljøet på Tyse har også ført til at fotball er blitt skifta ut med hest for pappa Øystein Djuve.

– Eg har vore i ulike idrettslag heile livet, og no er det hest. Det handlar om å følgja opp ungane, og senteret her ute er jo blitt utruleg flott, fortel Øystein Djuve, som var med på dugnad heile denne helga.

73 ekvipasjar og nøgd styreleiar.

Birte Blokhus er styreleiar i Stord Hestesportlag. Ho hadde naturleg nok ei god helg på Tyse.

– Totalt er det 73 ekvipasjar, og me har tilreisande frå både Kristiansand og Oslo. Det er første gong me har Grand Prix på Stord, noko som betyr at hestane hoppar over hinder på 1.40 meter, noko som er ganske spektakulært. Me er også stolte over at me no er den nest største sprangridingsbanen i landet, seier ei godt nøgd Blokhus.

– Laurdag kveld arrangerte me og ryttarfest. Det er mykje fokus på konkurransane på dagtid, så dette er ei sosial samling med gøy. Ungane er med og søndag er det nye konkurransar, så det går nokså roleg føre seg, sluttar Blokhus.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut