Fitjar:

Midtfjellet inviterte til både blodslit og kos

Håkon (9) spring berre når han må, medan William (8) ønskjer å bli best.

AV Pål Solli Paulsen
Publisert
Oppdatert:

Ambisjonane var i begge endar av skalaen, då den sjette utgåva av Midtfjelletdagen gjekk av stabelen på Fitjar laurdag.

Blant dei som tok del i dei ulike aktivitetane var William Olsen Hegland (8) og Håkon Øien Kloster (9). Begge kosar seg i finværet, men har ulik oppfatning i kva dei likar best å gjera. Håkon hadde teke nybegynnarløypa, mens William prøvde seg på motbakkeløpet.

– Eg spring berre viss eg må, seier Håkon

Medan William, på si side, har andre ambisjonar.

– Eg ynskjer å bli som dei beste i løypa, seier han.

Mann av huse

Tradisjon

Midtfjelletdagen, som for første gong såg dagens lys i 2014, er eit samarbeid mellom Fitjar Idrettslag og Midtfjellet Vindpark, og har for alvor byrja å bli ein tradisjon.

I år, som i tidlegare år, blei det arrangert ei rekkje leikar og aktivitetar for både store og små. På staden var det også gratis mat til alle som hadde teke turen opp til vindmølle B12.

Les også: Folkefest i Fitjarfjellet

Fint vêr

I tillegg til pølseboder, hadde også nokre politiske parti stilt opp med valboder i høve kommunevalet. Vêret viste seg også frå si beste side denne laurdagen, og difor hadde folk god grunn til å ta turen til fjells.

Friluftsdagen rommar også prestisjefylte løp, som orienteringsløpet «Møllesprinten» og bakkeløpet «Først til mølla», noko som gjer at arrangementet passar dei fleste.

Spektakulært

Folkefest

Ifølgje speaker på staden, Ole Bergesen, var dette arrangementet noko dei starta etter at vindparken blei opna i 2014, og har sidan vore ein suksess der folk stiller opp år etter år.

– Eg synes det er flott at folk bidreg til at ein får den folkefesten ein ynskjer, seier Bergesen.

Bergesen trekkjer fram hovudløpa som sjølve trekkplasteret på arrangementet.

Saken fortsetter under annonsen.

Vidar Aarskog, leiar i Fitjar Idrettslag, omtalar Midtfjelletdagen som eit «alt-mogleg-arrangement», der kven som helst er velkomen til å ha det hyggjeleg. Han meiner også blant anna at «Først til mølla» har blitt eit populært og etablert mål for deltakarar frå mange idrettslag, der mange av landets beste bakkeløparar stiller på startstreken. Erik Mortensen, dagleg leiar i Midtfjellet Vindpark, synest også det er stas å sjå at folk kosar seg.

Les også: Kjempar om å vera først til mølla

Ingen løyperekord

«Først til mølla 2019» byrja som vanleg ved Fitjar Idrettspark, og løparane måtte bu seg på tøffe motbakkar opp mot Midtfjellet.

Sølv

Og det var ikkje uventa Torstein Tengsareid frå Skjalg IL som drog i land sigeren i herreklassen. Tida blei 19:29, som er et stykke bak løyperekorden på 19:04, som VM-klare Tom Erling Kårbø sette i fjor.

Senay Fissehaitson frå Tjalve IL følgde like bak på andreplass, med tida 20 blank.

Harald Kårbø frå Stord IL forsvarte brødre-æra, etter at Tom Erling hadde teke VM-kravet på 3000 meter hinder på fredag. Harald sprang inn til tredjeplass med tida 20:11.

I kvinneklassen vart det Anita Iversen Lilleskare som tok sigeren med 23:14, medan Pernilla Epland frå Stord IL kom like bak på tida 23:25. Eli Anne Dvergsdal frå Gneist IL tok tredjeplassen med på 23:46.

Av andre lokale som er verdt å nemna, er det Fitjar IL sin eigne unge og lovande Halvor Livastøl Aga (14), som satte fitjarrekord på 24:14.

I orienteringsløpet «Møllesprinten» var det bortimot 100 påmelde i alle klassar.

Luftig

Les også: Kårbø vann med ny løyperekord

– Unikt

Arve Havnerås frå Sparebanken Vest, som er ein av hovudsponsorane til arrangementet, meiner at Midtfjelletdagen får folk til å ta turen til fjells, og at det er unikt i forhold til mange andre arrangement.

– Det er forskjellig frå andre arrangement, som held til på fotballbanar og i hallar. Her går det føre seg på fjellet, noko som er ein ganske annleis måte å gjera det på, og det er bra

Han nemner også at han trur det lokkar fleire frå lokalsamfunnet å ta turen til fjells, spesielt dei frå Fitjar.

Klikk for å sjå kommentarar

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut